Resultat av votering

Kartlegging vedkomande gravplass på Osnes ved bruk av georadar

Votering er ferdig i denne saka.

18:27 Spørsmål om gildskap - Arve Eldar Flø (K)

Tilråding: Arve Eldar Flø er ugild jamfør forvaltningslova § 6 første avsnitt bokstav a og forvaltningslova § 6 andre avsnitt.

Bakgrunn:

Arve Eldar Flø har stilt spørsmål om gildskap i sak 96/24 som gjeld kartlegging av gravplassalternativ på Osnes ved bruk av georadar.

Han opplyser å vere grunneigar av ein del av området som skal undersøkast.

Grunngjeving

Ein folkevald er ugild til å behandle saker dersom han sjølv er part, jf. forvaltningslova § 6 første avsnitt bokstav a og kommunelova § 11-10.

Part i saka er ikkje berre den ei avgjerd rettar seg mot (i dette tilfelle kommunen), men også den saka elles direkte gjeld, jf. forvaltningslova § 2 bokstav e.

Saka skal ta stilling til om undersøking med georadar skal gjerast på Flø sin eigedom. Ei slik undersøking er vidare avhengig av samtykke frå Flø. Vi meiner difor det er nærliggande å rekne Flø som part i saka, og at han difor er ugild. I alle tilfelle kan ei geoskanning innebere at det vert lettare å frigjere arealet til gravplass. Arealet kan i så tilfelle få ein annan salsverdi for Flø enn om det vert liggande som landbruksareal med kulturhistorisk vern.

Vi meiner difor at det i alle tilfelle ligg føre særeigne forhold som er eigna til å svekkje tilliten til hans gildskap. Etter vår vurdering er han difor også ugild etter forvaltningslova § 6 andre avsnitt.

Vedteke

FOR

25
Eldar Knotten Venstre Kersti Hasund Sosialistisk Venstreparti Berit Roppen Senterpartiet Lisa Mari Breivik Anderson Senterpartiet Oddvar Gjerde Senterpartiet Anders Myrene Kristeleg Folkeparti Kjell Peter Lunde Kristeleg Folkeparti Kristine Trulsrud Røren Konservativt Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Per Lorentz Kopperstad Industri- og Næringspartiet Egil Ulfstein Høgre Stig Ole Borgundvåg Høgre Oscar Overvåg Tafjord Høgre Hans Petter Th. Ulstein Høgre Erlend Eidem Høgre Stian Skorgen Scheide Høgre Magnus Kleven Eriksen Framstegspartiet Kjell Egil Barstad Framstegspartiet Knut Erik Engh Framstegspartiet Alf Johan Antonsen Framstegspartiet Bennie Bantilan Hansen Framstegspartiet Magne Gurskevik Arbeidarpartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet Aurora Dimmen Bratli Arbeidarpartiet Hanne Notøy Arbeidarpartiet

MOT

0

18:36 Forslag frå B. Roppen (Sp)

Når ein skal undersøke osnes med georadar er det naturlig at georadar blir også brukt til å undersøke områda som ligg i umiddelbar nærleik til gravplassen på Osnes

Vedteke

FOR

23
Kersti Hasund Sosialistisk Venstreparti Oddvar Gjerde Senterpartiet Berit Roppen Senterpartiet Lisa Mari Breivik Anderson Senterpartiet Anders Myrene Kristeleg Folkeparti Kjell Peter Lunde Kristeleg Folkeparti Kristine Trulsrud Røren Konservativt Per Lorentz Kopperstad Industri- og Næringspartiet Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Egil Ulfstein Høgre Stig Ole Borgundvåg Høgre Hans Petter Th. Ulstein Høgre Erlend Eidem Høgre Oscar Overvåg Tafjord Høgre Stian Skorgen Scheide Høgre Knut Erik Engh Framstegspartiet Bennie Bantilan Hansen Framstegspartiet Alf Johan Antonsen Framstegspartiet Magnus Kleven Eriksen Framstegspartiet Kjell Egil Barstad Framstegspartiet Magne Gurskevik Arbeidarpartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet Aurora Dimmen Bratli Arbeidarpartiet

MOT

2
Eldar Knotten Venstre Hanne Notøy Arbeidarpartiet

18:37 Tilråding frå formannskapet (03.09.2024)

Kommunestyret løyver 150.000 kr til georadarkartlegging av gravplassalternativa på Osnes, jf. tilbod frå Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) og opplysningane som går fram av saksutgreiinga.

 

Kartlegginga skal omfatte Flotane, Oshaugflata og areal kalla G101 og G102 i arealdelen av kommuneplanen.

 

Økonomisk dekning vert henta frå prosjekt 012102 gravplass grunnkjøp i Visma økonomi- og rekneskapssystem.

Vedteke

FOR

26
Eldar Knotten Venstre Kersti Hasund Sosialistisk Venstreparti Oddvar Gjerde Senterpartiet Lisa Mari Breivik Anderson Senterpartiet Berit Roppen Senterpartiet Anders Myrene Kristeleg Folkeparti Kjell Peter Lunde Kristeleg Folkeparti Arve Eldar Flø Konservativt Kristine Trulsrud Røren Konservativt Per Lorentz Kopperstad Industri- og Næringspartiet Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Stian Skorgen Scheide Høgre Stig Ole Borgundvåg Høgre Egil Ulfstein Høgre Erlend Eidem Høgre Oscar Overvåg Tafjord Høgre Hans Petter Th. Ulstein Høgre Knut Erik Engh Framstegspartiet Alf Johan Antonsen Framstegspartiet Bennie Bantilan Hansen Framstegspartiet Kjell Egil Barstad Framstegspartiet Magnus Kleven Eriksen Framstegspartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet Magne Gurskevik Arbeidarpartiet Hanne Notøy Arbeidarpartiet Aurora Dimmen Bratli Arbeidarpartiet

MOT

0

18:56 Kommunedirektøren si tilråding

Kommunestyret løyver 150.000 kr til georadarkartlegging av gravplassalternativa på Osnes, jf. tilbod frå Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) og opplysningane som går fram av saksutgreiinga.

 

Kartlegginga skal omfatte Flotane, Oshaugflata og areal kalla G101 og G102 i arealdelen av kommuneplanen.

 

Økonomisk dekning vert henta frå prosjekt 012102 gravplass grunnkjøp i Visma økonomi- og rekneskapssystem.

Samrøystes vedteke