Forslag

Kartlegging vedkomande gravplass på Osnes ved bruk av georadar

01
Spørsmål om gildskap - Arve Eldar Flø (K)
Innstilling
Behandlet

Tilråding: Arve Eldar Flø er ugild jamfør forvaltningslova § 6 første avsnitt bokstav a og forvaltningslova § 6 andre avsnitt.

Bakgrunn:

Arve Eldar Flø har stilt spørsmål om gildskap i sak 96/24 som gjeld kartlegging av gravplassalternativ på Osnes ved bruk av georadar.

Han opplyser å vere grunneigar av ein del av området som skal undersøkast.

Grunngjeving

Ein folkevald er ugild til å behandle saker dersom han sjølv er part, jf. forvaltningslova § 6 første avsnitt bokstav a og kommunelova § 11-10.

Part i saka er ikkje berre den ei avgjerd rettar seg mot (i dette tilfelle kommunen), men også den saka elles direkte gjeld, jf. forvaltningslova § 2 bokstav e.

Saka skal ta stilling til om undersøking med georadar skal gjerast på Flø sin eigedom. Ei slik undersøking er vidare avhengig av samtykke frå Flø. Vi meiner difor det er nærliggande å rekne Flø som part i saka, og at han difor er ugild. I alle tilfelle kan ei geoskanning innebere at det vert lettare å frigjere arealet til gravplass. Arealet kan i så tilfelle få ein annan salsverdi for Flø enn om det vert liggande som landbruksareal med kulturhistorisk vern.

Vi meiner difor at det i alle tilfelle ligg føre særeigne forhold som er eigna til å svekkje tilliten til hans gildskap. Etter vår vurdering er han difor også ugild etter forvaltningslova § 6 andre avsnitt.

Vedlegg

Les meir
02
Forslag frå B. Roppen (Sp)
Forslag
Behandlet

Når ein skal undersøke osnes med georadar er det naturlig at georadar blir også brukt til å undersøke områda som ligg i umiddelbar nærleik til gravplassen på Osnes

Vedlegg

Les meir
03
Tilråding frå formannskapet (03.09.2024)
Innstilling
Behandlet

Kommunestyret løyver 150.000 kr til georadarkartlegging av gravplassalternativa på Osnes, jf. tilbod frå Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) og opplysningane som går fram av saksutgreiinga.

Kartlegginga skal omfatte Flotane, Oshaugflata og areal kalla G101 og G102 i arealdelen av kommuneplanen.

Økonomisk dekning vert henta frå prosjekt 012102 gravplass grunnkjøp i Visma økonomi- og rekneskapssystem.

Vedlegg

Les meir
04
Kommunedirektøren si tilråding