Forslag

Tursti frå indre Haddal til Selvågtunnelen, dispensasjon frå LNF-føremålet og strandsonevernet

01
Forslag frå B. Lyngstad (V)
Forslag
Behandlet

Levekårsutvalet støttar ferdigstillinga av tursti frå Indre Haddal og til Selvågstunnelen. Utvalet er av den oppfatning at kryssing av veg i 80-sone må gjerast på sikrast mogleg måte. Levekårsutvalet ber om at fartsgrensa på strekninga vert sett ned, og at det vert forsterka belysning ved krysningspunktet. Utvalet oppmodar og om at ein arbeidar for å unngå utfylling i sjø.

Vedlegg

Les meir
02
Fellesrådet 01.10.2024
Innstilling
Publisert

Fellesrådet støttar ferdigstillinga av tursti frå Indre Haddal og til Selvågstunnelen, men legg merke til at denne delen av turstien vil mangle universell utforming. Dette må ikkje verte ein vane, men må kun vere eit enkelttilfelle.

Vedlegg

Les meir
03
Ungdomsrådet 30.09.2024
Innstilling
Publisert

Ungdomsrådet er positive til dispensasjon for turstien, men syns det er uheldig at turstien blir så bratt og manglande universell utforma. Kryssinga av vegen er også skummel. Kan det vere aktuelt med ein undergang? Då kjem ein også lenger ned og stigninga blir mindre. Alternativt starte turvegen på nedsida av vegen før. Hovudbodskapet er iallfall at stigning bør vere minst muleg, mtp universell utforming

Vedlegg

Les meir