Hopp til hovudinnhaldet

Fellesrådet 01.10.2024

Fellesrådet støttar ferdigstillinga av tursti frå Indre Haddal og til Selvågstunnelen, men legg merke til at denne delen av turstien vil mangle universell utforming. Dette må ikkje verte ein vane, men må kun vere eit enkelttilfelle.

Ungdomsrådet 30.09.2024

Ungdomsrådet er positive til dispensasjon for turstien, men syns det er uheldig at turstien blir så bratt og manglande universell utforma. Kryssinga av vegen er også skummel. Kan det vere aktuelt med ein undergang? Då kjem ein også lenger ned og stigninga blir mindre. Alternativt starte turvegen på nedsida av vegen før. Hovudbodskapet er iallfall at stigning bør vere minst muleg, mtp universell utforming