Teknisk utval gir med heimel i Jordlova § 9 dispensasjon til å omdisponere inntil 1 dekar med dyrka jord på gnr. 29 bnr. 10 slik det er søkt om vist i revidert kartvedlegg i saka.
Med heimel i jordlova § 12 avslår utvalet søknaden frå Lynne og Ståle Gjerde om å dele frå bustadhuset på eigedomen slik det er søkt om.
Grunngjeving:
Dyrka jord er ein ressurs for matproduksjon som skal takast vare på og forvaltast ut frå eit langsiktig perspektiv. Det vert likevel gitt dispensasjon til omdisponering av dyrkbar jord da området alt er opparbeida som hage med blomar, tre og grønsaker.
Det er likevel ikkje grunnlag for å gi løyve til delinga da landbrukseigedomen i praksis vert utan bustadhus. Ressursgrunnlaget på eigedomen vert vesentleg svekka ved å dele frå huset då dette vert eit fritt omsetteleg salsobjekt etter ei deling.