Forslag

Dispensasjon for bruk av lyskasser ved oppføring av reklameskilt - Alti Blåhuset - Gnr 8 bnr 109

01
Kommunedirektøren si tilråding
Innstilling
Behandlet

I medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 19-2 gjev teknisk utval dispensasjon frå kommuneplanens § 6.1.1 bokstav c, for dispensasjon for bruk av lyskasser ved oppføring av reklameskilt på Alti Blåhuset gnr. 8, bnr. 109 på fylgjande vilkår:

  1. Leigetakarskilt, frittståande logo 02c opplevast ruvande og storleiken her må reduserast med 30%

    • Leigetakarskilt, frittståande logo, 04c og 03f skil seg ut frå dei resterande skilta på fasaden og uroar dermed det balanserte uttrykket elles. Alle leigetakarskilta skal utformast i samsvar med skiltmalen som fyl søknaden og plasserast i lyskasser i ordna kolonner. Alti-logoen kan utformast som omsøkt.

      Teknisk utval viser til at dispensasjonen i liten grad vil tilsidesetje omsyna som ligg til grunn for å ikkje bruke lyskasser på kjøpesenteret. Føringar for skiltbruk og krav om lysstøy blir oppfylte i denne saka.

      Fordelane ved å gje dispensasjon verkar å vere større enn eventuelle ulemper for omgjevnadane, då dei nye skilta bidreg til ei generell opprydding i visuelle inntrykk på eit sentralt og godt synleg bygg i Ulsteinvik sentrum. Dei nye skilta har eit meir heilskapleg og godt estetisk uttrykk på fasaden enn eksisterande etter teknisk utval si vurdering.

      Vedlegg

      Les meir