Resultat av votering

Vurdering av utvida bandtvang i Ulstein kommune

Votering er ferdig i denne saka.

14:04 Forslag frå B. Roppen (Sp)

Ulstein har eit mildt kystklima der beitedyr går ute lenger enn mange andre stadar i landet. Lokal forskrift med utvida tid på bandtvang er difor nødvendig for å verne både ville dyr og husdyr på beite. 

Lokal forskrift om bandtvang i Ulstein kommune og må derfor gjelde fram til 31.10 slik innspel frå lokale bønder. 

Ber om at ein på nytt tek opp dialog med Hareid kommune for å få felles reglar til det beste for både ville og tamme dyr.

Fallen

FOR

2
Berit Roppen Senterpartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet

MOT

5
Bjørn Gunnar Tafjord Kristeleg Folkeparti Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Berit Overvåg Hjorth Høgre Hans Petter Th. Ulstein Høgre Alf Johan Antonsen Framstegspartiet

14:05 Kommunedirektøren si tilråding

Ulstein kommunestyre ser ikkje at det pr. i dag er behov for lokal forskrift om utvida bandtvang for hund i Ulstein kommune.

 

Kommunestyret viser særskilt til den faglege uttalen frå avdelingsleiar landbruk som rår til at det bør settast opp fleire informasjonsskilt om normal bandtvangstid etter gjeldande hundelov (1. april - 20. august) før eventuell innføring av lokal forskrift. Kommunestyret legg også vekt på at Hareid kommune ikkje ønskjer å innføre forskrift om utvida bandtvang, og dermed heller ikkje felles forskrift i lag med med Ulstein kommune. Dermed vert handheving av eventuell lokal forskrift i Ulstein i grenseområda mot Hareid utfordrande. 

 

Kommunestyret opphevar med dette vedtaket i sak nr. 09/55, møtedato 18.06.2009 om utvida bandtvang i Ulstein kommune.

Vedteke

FOR

5
Bjørn Gunnar Tafjord Kristeleg Folkeparti Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Berit Overvåg Hjorth Høgre Hans Petter Th. Ulstein Høgre Alf Johan Antonsen Framstegspartiet

MOT

2
Berit Roppen Senterpartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet