Ulstein kommunestyre godkjenner tertialrapporten for 2.tertial 2024.
Budsjettert rammetilskot vert redusert med 296 543 kroner. Avsetjinga til disposisjonsfondet vert redusert tilsvarande.
Budsjetterte renteinntekter frå formidlingslån vert auka med 325 000, mens budsjetterte renteinntekter frå bankinnskot vert redusert med 675 000. Budsjetterte rentekostnadar vert auka med 925 000 for formidlingslån, men redusert med 800 000 for ordinære lån. Budsjettert minsteavdrag vert redusert med 475 000.
Eigenkapitaltilskotet til sjukepleiarordninga i KLP på 260 308 vert finansiert frå kapitalfondet.
Budsjettert inntekt på 2 millionar kroner knytt til undervisning av barn og unge som søker opphald i Noreg vert flytta frå ansvar 2280 Fellestenester grunnskule til ungdomsskulen med 1/3 og til Ulstein skule med 2/3. Budsjettert inntekt vert auka med ytterlegare 2 millionar kroner etter same fordelingsnøkkel, og nytta til å styrke lønnsbudsjettet på dei to skulane.
Budsjettert inntekt på konto 17000 Refusjon frå staten vert auka med 544 577 på skulane, fordelt etter elevtal. Inntekta vert nytta til å auke budsjettet på kontoane for innkjøp av trykte læremiddel.
Budsjettert inntekt på konto 17000 Refusjon frå staten prosjekt 129901 Vidareutdanning lærarar vert auka tilsvarande mottatt beløp for vårsemesteret på 1 108 516, og nytta til å auke lønnsbudsjettet på skulane/kulturskulen med same beløp. Tilsvarande regulering vert gjort for haustsemesteret når tilskotsbeløpet er klart.
Budsjettert inntekt frå integreringstilskot vert auka med 3 millionar kroner, og nytta til å styrke budsjettet på ansvar 3200 Administrasjon sosialtenester og ansvar 3201 Økonomisk sosialhjelp.
Budsjettert inntekt frå konto 19500 Bruk av bundne driftsfond på avløp med 1 004 000 vert erstatta med bruk av disposisjonsfond sidan sjølvkostfonda vart oppbrukte i 2023.
Kostnadar knytt til kjøp av tomt i Sundgotmarka for realisering av ny sportshall og omkostningar knytt til tomtekjøpet på 1 115 210 vert å kostnadsføre i investeringsrekneskapen og finansiert ved bruk av kapitalfondet. Resterande tilskot på 3 484 790 vert utgiftsført i driftsrekneskapen og finansiert ved bruk av disposisjonsfondet.
Meirforbruk på prosjekt 051800 Sanitærbygg Osnessanden vert finansiert ved overføring av midlar frå prosjekt 012102 Gravplass – grunnerverv/arkeologi
Mottatt refusjon frå KLP ført på spesifikasjon 33000 Erstatningskrav oppfølging barnevernssak vert budsjettert på konto 17700 refusjon frå andre/ansvar 3300 Barnevern. Kostnadsbudsjettet vert auka tilsvarande dei refunderte kostnadane.
Budsjettert inntekt på helsestasjonen konto 17000 refusjon frå staten vert auka tilsvarande mottatt beløp på følgande prosjekt:
131701 Styrke, kapasitet og kvalitet i skulehelsetenesta med 862 739
132201 Styrking og utvikling skulehelsetenesta med 957 610
132301 Barn som pårørande med 205 100
132303 Foreldrestøttande arbeid helsestasjonen med 650 000
132402 Psykisk helseteneste barn og unge med 1 300 000
Kostnadsbudsjettet vert tilsvarande auka på dei kontoane det er ført kostnadar på i prosjektet. Unytta midlar ved årsslutt vert å budsjettere på avsetning til bundne fond.