Kommunestyret tek tertialrapport 2 – 2024 for Ulstein Eigedomsselskap KF til vitende.
Kommunestyret gjer følgjande overføringar mellom investeringsprosjekt i UEKF for å finansiere forbruk utover budsjett på investeringar (beløp eks. mva):
Almejordet barnehage, prosjekt 021210, tilbygg garderobe m.m., negativt avvik på 971 291 kr – finansierast frå løyving til forprosjekt for ny barnehage i Hasund krins, Gjerdsbakkane med tilsvarande beløp.
Leikeplasskontroll, prosjekt 022300, inkludert oppgradering av leikeplass ved Skollebakken, negativt avvik på 377 805 kr – finansierast frå løyving til solskjerming Reiten med tilsvarande beløp.
895 068 kr vert overført frå driftsrekneskapen tilhøyrande ansvar 4000 Ulshaugen 3 - 19 til investeringsprosjekt Ulshaugen 9 og 11. Midlane vert henta frå investeringsprosjektet solskjerming Reiten.
Kommunestyret ber om at styret i UEKF får ei detaljert orientering om oppgradering av Skollebakken aktivitetspark og avvik i neste møte.
Prosjekt 02402 Styring av ventilasjon Hasund skule skal nyttast på styringssystem Ulstein skule, budsjettramme eks. mva på 400 000 kr, namn på prosjektet skal vere styringssystem Ulstein skule.
Mindre avvik på under 100 000 kr for prosjekta uteområde Hasund skule på 25 590 kr, Uteområde Ulsteinvik barneskule på 63 047 kr vert å kome attende til ved årsoppgjer eller budsjettreguleringssak.