Kommunestyret tek folkehelseoversikta til vitande.
Kommunestyret ber administrasjonen arbeide vidare med tiltak i høve til tilsyn på det fysiske arbeidsmiljøet til borna våre, i skulane og i barnehagane, slik at gjennomføring av godkjenning vert gjort og lovkrav vert stetta.

Kommunestyret viser til at det er er store unytta ressursar i samfunnet samstundes som det er store udekka behov. Utanforskap er ei veksande utfordring både for samfunnet og den enkelte som vert ståande utanfor felleskapet. Parallelt med dette har kommunen eit ønske å legge til rette for at eldre skal bu lengst mogleg heime noko som kan vere utfordrande med skrantande helse.
Kommunestyret ber difor formannskapet om å vurdere ei utgreiing om jobbtiltak/ordningar for lokale ressursar, t.d. folk i utanforskap. Dette skal verte sett i samanheng med eit folkehelse- og trivselsperspektiv, og kan td. gje kommunen fleire hender til vedlikehaldsoppgåver og praktisk bistand for heimebuande med helseutfordringar.