Folkehelseoversikt 2024
Oversendelsesforslag frå Frp
Kommunestyret viser til at det er er store unytta ressursar i samfunnet samstundes som det er store udekka behov. Utanforskap er ei veksande utfordring både for samfunnet og den enkelte som vert ståande utanfor felleskapet. Parallelt med dette har kommunen eit ønske å legge til rette for at eldre skal bu lengst mogleg heime noko som kan vere utfordrande med skrantande helse.
Kommunestyret ber difor formannskapet om å vurdere ei utgreiing om jobbtiltak/ordningar for lokale ressursar, t.d. folk i utanforskap. Dette skal verte sett i samanheng med eit folkehelse- og trivselsperspektiv, og kan td. gje kommunen fleire hender til vedlikehaldsoppgåver og praktisk bistand for heimebuande med helseutfordringar.
Vedlegg
Forslag frå L. M. B. Anderson (Sp)
Kommunestyret tek folkehelseoversikta til vitande.
Kommunestyret ber administrasjonen arbeide vidare med tiltak i høve til tilsyn på det fysiske arbeidsmiljøet til borna våre, i skulane og i barnehagane, slik at gjennomføring av godkjenning vert gjort og lovkrav vert stetta.
Vedlegg
Kommunedirektøren si tilråding
Kommunestyret tek folkehelseoversikta til vitande.
Vedlegg
Formannskapet 15.10.2024
Kommunestyret tek folkehelseoversikta til vitande.
Kommunestyret ber administrasjonen greie ut ordningar for lokale ressursar, til dømes folk i utanforskap. Dette skal verte sett i samanheng med eit folkehelse- og trivselsperspektiv.
Kommunestyret ber administrasjonen arbeide vidare med tiltak i høve til tilsyn på det fysiske arbeidsmiljøet til borna våre, i skulane og i barnehagane, slik at gjennomføring av godkjenning vert gjort og lovkrav vert stetta.
Vedlegg
Teknisk utval 03.10.2024
Kommunestyret ber administrasjonen greie ut jobbtiltak/ordningar for lokale ressursar, til dømes folk i utanforskap. Dette skal verte sett i samanheng med eit folkehelse- og trivselsperspektiv, og gje kommunen fleire hender til vedlikehaldsoppgåver.
Vedlegg
Levekårsutvalet 02.10.2024
Levekårsutvalet tek folkehelseoversikta til vitande.
Vedlegg
Fellesrådet 01.10.2024
Fellesrådet tek folkehelseoversikta til vitande.
Vedlegg
Ungdomsrådet 30.09.2024
Ungdomsrådet tek orienteringa om folkehelseoversikta til vitende, og vil gjerne invitere kommuneoverlegen til ei orientering på eit seinare møte.