Levekårsutvalet tek rapportane til vitande.
Kommunestyret tek rapportane til vitande.
Fellesrådet tek rapportane til vitande.
Ungdomsrådet tek rapport om Ungdata til vitende, og ynskjer å jobbe vidare med rapporten på eit seinare møte, med orientering frå kommunalsjef Karen Strand (som måtte melde forfall til dagens møte).
Det mest overraskande (og skremande) resultatet var tidstrenden om kor mange prosent som røyker (har prøvd) hasj/marihuana.
Det er positivt å sjå gode resultat for at mange som trenar og er med på fritidsaktivitetar. Vi har eit godt og variert tilbod med mange ulike idrettslag og andre tilbod. Dette er positivt også for det sosiale.
Dei negative konsekvensane for kroppen (tenner, lunger, psykisk og fysisk helse) bør kome betre fram for ungdom når ein brukar rusmiddel (også inkl. snus og e-sigarett). No er det «normalisert» for enkelte med e-sigarett, enkelte rusmidlar, alkohol. Det må «de-normaliserast», og ein må snakke om dette. Sosiale media er med på å spreie informasjon, både positiv og negativ.
Ungdomsrådet vil understreke viktigheita å halde fram med haldningsskapande arbeid både på skule og fritid (MOT, ungdomstilbod med Bell, treffstad for ungdom/Snorrebuda, Ung Arena med meir). Dette bør og satsast vidare på. Uformell møtestad er positivt for nye vennskap, ein kan ha temakveldar med informasjon med meir.
Ungdomsrådet la også merke til eit par andre tidstrendar;
Prosentdel på «minst ein fortruleg venn» på ungdomsskule går nedover. Ungdomsrådet reflekterte rundt om mobil er årsaka.
Prosentdel «ute med vennar» går oppover igjen. Ungdomsrådet reflekterte rundt om sosiale media (TikTok) og trendar der, gjer at ungdom er meir sosiale.
At prosentdel på online-spel går ned i 10. klasse trur ungdomane har både med skulearbeid og fleire vennar å gjere.
Det er ikkje kjekt at ungdom grur seg til skule, og dette er fint å ha fokus på. Det er også viktig å huske at det her er samansette grunnar. Både psykiske og fysiske forhold, kjedeleg skuledag, lite vennar, grur seg til prøve eller meir alvorlige ting som mobbing og utestenging.