Forslag

Vurdering av utvida bandtvang i Ulstein kommune

01
Teknisk utval 03.10.2024
Innstilling
Behandlet

Ulstein kommunestyre ser ikkje at det pr. i dag er behov for lokal forskrift om utvida bandtvang for hund i Ulstein kommune.

Kommunestyret viser særskilt til den faglege uttalen frå avdelingsleiar landbruk som rår til at det bør settast opp fleire informasjonsskilt om normal bandtvangstid etter gjeldande hundelov (1. april - 20. august) før eventuell innføring av lokal forskrift. Kommunestyret legg også vekt på at Hareid kommune ikkje ønskjer å innføre forskrift om utvida bandtvang, og dermed heller ikkje felles forskrift i lag med med Ulstein kommune. Dermed vert handheving av eventuell lokal forskrift i Ulstein i grenseområda mot Hareid utfordrande. 

Kommunestyret opphevar med dette vedtaket i sak nr. 09/55, møtedato 18.06.2009 om utvida bandtvang i Ulstein kommune.

Vedlegg

Les meir
02
Forslag frå B. Roppen (Sp)
Forslag
Behandlet

Ulstein har eit mildt kystklima der beitedyr går ute lenger enn mange andre stadar i landet. Lokal forskrift med utvida tid på bandtvang er difor nødvendig for å verne både ville dyr og husdyr på beite. 

Kommunestyret sender saka tilbake til administrasjonen for utarbeiding av forskriftstekst der utvida tid på bandtvang i samsvar med innspelet frå lokale bønder.

Vedlegg

Les meir
03
Kommunedirektøren si tilråding
Innstilling
Publisert