1. Vertskommuneavtalen om pedagogisk psykologisk teneste for Ulstein, Hareid, Volda, Ørsta og Herøy, vert vedteke slik den er lagt fram.
Kommunedirektør kan gjere mindre endringar i avtalen, dersom endringa ikkje er av prinsipiell betyding eller gjeld minstekrava til samarbeidsavtale etter kommunelova § 20-4.
Kommunedirektør signerer avtalen.
Iverksetting av avtalen føreset at avtalen er godkjent av kommunane Ulstein, Hareid, Volda Ørsta og Herøy.
2. Kommunedirektør får fullmakt til å godkjenne eit administrasjonspåslag med 4,3 % i interkommunale samarbeid mellom kommunane på Søre Sunnmøre.
Kommunedirektør kan gjere mindre endringar når det gjeld grunnlaget for og storleiken til administrasjonspåslaget.