← Tilbake

Sak PS 93/24 - Budsjett og økonomiplan for 2025-28

01
Fellesframlegg
Forslag
Behandlet

Teknisk utval ønskjer følgjande tiltak innarbeidd i økonomiplan/budsjett i uprioritert rekkefølgje:

  1. Drift:

    • Nedjustering av gebyrinntektene for byggesak og oppmåling – urealistisk høge inntektsmål over mange år

      • Auka løyving på 1 mill. kr til vegvedlikehald – viktig tiltak for å halde vegnettet i stand

        • Trafikktryggingstiltak – årleg ramme til mindre tiltak, avgrensa midlar som kan ha stor effekt

          • Auka prioritet på vedlikehald av parkar, grøntanlegg, installasjonar og liknande

            1. Investering:

              • Løyving til trivselsgata på 250 000 kr i 2025 – kommunal mindre del av større spleiselag

                Vedlegg

                Les meir
                02
                Levekårsutvalet 13.11.2024
                Innstilling
                Publisert

                Levekårsutvalet tek orienteringa til vitande, og anerkjenner at kommunen står ovanfor eit stort omstillingsbehov. Vi ser at sektorane Helse og omsorg, samt Oppvekst og kultur står for storparten av utgiftene, og er positive til auken i desse budsjetta. Levekårsutvalet legg merke til, og er positive til, den sterke tenesteproduksjonen i desse sektorane, og ønsker at denne skal halde fram. Utvalet berømmer og kommunedirektøren og hans stab for arbeidet med budsjett og økonomiplanen.

                Vedlegg

                Les meir
                03
                Fellesrådet 12.11.2024
                Innstilling
                Publisert

                Fellesrådet viser til punkt 2 om startlån. Vi ber om at det blir sett på muligheten til å auke opp låneopptak som i dag er foreslått til 6 millionar så det står meir i samsvar med antall søknadar (60 i fjor)

                 

                Fellesrådet viser vidare til utgreiingar som skal foregå nå inne i helse og omsorg, samt oppvekst og kultur, at det blir kommunisert til ulike brukarorganisasjonar og fellesrådet undervegs.

                Vedlegg

                Les meir