Forslag

Flåte med gangbane - Eiksundkaia 65 - Gnr 70 bnr 91

01
Kommunalsjefen si tilråding
Innstilling
Behandlet

1.    Teknisk utval gjev med heimel i plan- og bygningslova § 19-3 mellombels dispensasjon frå LNF- område i kommuneplanens arealdel, og i frå strandsonevernet i plan- og bygningslova § 1-8 for det omsøkte tiltaket flåte med gangbane på Eiksundkaia 65.

 

Teknisk utval viser til at dispensasjonen kan gjevast då omsyna som ligg til grunn for arealføremålet og strandsonevernet ikkje blir vesentleg tilsidesett. Det blir lagt særleg vekt på at dette er eit opparbeidd kaiområde.

 

Fordelane ved å gi dispensasjon er samla sett vurdert til å vere større enn eventuelle ulemper. Flåten vil gjere arbeidet sikrare for tilsette og andre besøkande ved Måsøval Drift AS, og kan redusere moglegheit for farar og ulykker.

 

2.    Teknisk utval godkjenner med heimel i plan- og bygningslova § 20-1 søknaden for flåte med gangbane i ferjestøa på gnr. 70, bnr. 91

 

3.  Teknisk utval gir med heimel i hamne- og farvasslova § 14 godkjenning til tiltaket flåte med gangbane.

4.    Følgande dokument ligg til grunn for godkjenninga:

•    Situasjonskart, datert 27.08.2024

•    Snitt teikning, datert 01.09.2024

 

Teknisk utval har vurdert merknadane frå naboane Jan Ove Eiksund og Ruth Løken. Utvalet kan ikkje sjå at utlegging av flåte med gangbane skulle gje slike negative konsekvensar for nærområdet at dispensasjon og løyve til tiltaket ikkje burde gjevast. Utvalet kan difor ikkje ta merknadane til følgje.

Vedlegg

Les meir
02
Tilleggsforslag
Forslag
Behandlet

Tillegg til tilrådinga under punkt 1 som fellesframlegg:

Teknisk utval set vilkår om at allmenta kan nytte flåten til av- og påstigning.

Vedlegg

Les meir