← Tilbake

Sak PS 95/24 - Framtidig organisering av eigedomsforvaltninga i Ulstein kommune

01
Dagleg leiar si tilråding
Innstilling
Behandlet

Ulstein kommunestyre legg ned Ulstein Eigedomsselskap KF (UEKF), organisasjonsnummer 985 212 899 frå 01.01.2025. 

Alle tilsette, eigedommar, lausøyre, gjeld, avtalar, kontrakter, prosjektansvar og alle andre plikter som ligg til UEKF vert frå same dato overført til eigar Ulstein kommune, organisasjonsnummer 964 979 456.

Eigedomsforvaltninga i kommunen vert frå same dato administrativt underlagt kommunedirektøren sitt myndeområde.

Kommunestyret finn at det ligg føre ei klar overvekt av grunnar for å gjere denne organisasjonsendringa både med vising til rapporten frå den administrative arbeidsgruppa datert 04.11.2024, det som går fram av saksutgreiinga og framlagt informasjon i saka elles. 

Kommunedirektøren tek avgjerd i administrativ organisering av eigedomsforvaltninga inkludert tilsetting av leiar for tenesteområdet.

Vedlegg

Les meir
02
Forslag frå Ap og INP
Forslag
På vegner av Industri- og Næringspartiet og Arbeidarpartiet
Behandlet

Teknisk utval finn etter ei heilskapleg vurdering at det ikkje ligg føre ei klar overvekt av grunnar for å legge ned Ulstein Eigedomselskap KF (UEKF), organisasjonsnummer 985 212 899 med verknad frå 01.01.2025.

Vedlegg

Les meir
03
Gildskapsvurdering frå H. P. T. Ulstein (H)
Forslag
Behandlet

Th. Ulstein er styremedlem i styret i UEKF og stiller spørsmål ved gildskapen sin i sak PS 95/24.

Tilrådinga er at Thoresen Ulstein er ugild, jf. forvaltningslova § 6 andre ledd. 

John Birger Våge er kalla inn som vara.

Vedlegg

Les meir
04
Spørsmål om gildskap frå P. K. Ødegård (INP)
Forslag
Behandlet

P. K. Ødegård (INP) er tilsett som driftsteknikar i UEKF og stiller spørsmål ved gildskapen sin i PS 95/24.

Tilrådinga er at Ødegård er habil.

Ingen vara er kalla inn.

Vedlegg

Les meir
05
Levekårsutvalet 13.11.2024
Innstilling
Publisert

Ulstein kommunestyre legg ned Ulstein Eigedomsselskap KF (UEKF), organisasjonsnummer 985 212 899 frå 01.01.2025. 

Alle tilsette, eigedommar, lausøyre, gjeld, avtalar, kontrakter, prosjektansvar og alle andre plikter som ligg til UEKF vert frå same dato overført til eigar Ulstein kommune, organisasjonsnummer 964 979 456.

Eigedomsforvaltninga i kommunen vert frå same dato administrativt underlagt kommunedirektøren sitt myndeområde.

Kommunestyret finn at det ligg føre ei klar overvekt av grunnar for å gjere denne organisasjonsendringa både med vising til rapporten frå den administrative arbeidsgruppa datert 04.11.2024, det som går fram av saksutgreiinga og framlagt informasjon i saka elles. 

Kommunedirektøren tek avgjerd i administrativ organisering av eigedomsforvaltninga inkludert tilsetting av leiar for tenesteområdet.

Vedlegg

Les meir
06
Fellesrådet 12.11.2024

07
Styret i UEKF - 11.11.2024
Innstilling
Publisert

Uttale frå styret i UEKF 11.11.2024

Ulstein kommunestyre finn etter ei heilskapleg vurdering at det ikkje ligg føre ei klar overvekt av grunnar for å legge ned Ulstein Eigedomsselskap KF (UEKF), organisasjonsnummer 985 212 899 med verknad frå 01.01.2025.

Grunngjeving

Styret i UEKF er opne for å diskutere framtidig organisering av kommunen si eigedomsforvaltning, men har etter ei heilskapleg vurdering kome til at det ikkje ligg føre ei klar overvekt av grunnar for å legge ned Ulstein Eigedomsselskap KF (UEKF).

Styret i UEKF meiner at dagleg leiar si saksutgreiing og tilråding har eit for einsretta fokus på avgrensa økonomisk innsparing på kort sikt, og at den ikkje i tilstrekkeleg grad reflekterer eller problematiserer det høvet at eigedomsforvaltning krev spesialisert kompetanse for å sikre og oppretthalde eigedomsmassa sin verdi. Styret i UEKF finn vidare at dagleg leiar ikkje i tilstrekkeleg grad drøftar korleis ein gjennom eksisterande organisasjonsform kan sikre betre styringslinjer, betre rolleavklaring, betre samhandling og tverrfagleg samarbeid, meir innsparing gjennom samlokalisering, samordning av driftsressussar og system etc. med kommunen. Styret finn at det er meir fokus på utfordringane enn løysingane, og eit for einsidig fokus på at ei avvikling av føretaket er den einaste løysinga.

Styret i UEKF finn heller ikkje at rapporten frå den administrative arbeidsgruppa datert 04.11.2024 gjev grunnlag for å konkludere med at det er ei klar overvekt av grunnar for å legge ned Ulstein Eigedomsselskap KF (UEKF). Det vert i rapporten vist til at ivaretakinga av bygningsmassen best vil verte ivareteken gjennom eit KF, og at det er behov for større ressursar til vedlikehald. Det vert vidare vist til at ei organisering under kommunen vil kunne innebere meir byråkratiske og tidkrevjande avgjerdsleprosessar, og at ein pressa kommuneøkonomi vil medføre at naudsynt vedlikehald vert nedprioritert.

Eigedomane til Ulstein kommune representerer ein betydeleg formuesverdi, og det er difor viktig med ei profesjonell, kompetent og effektiv forvaltning med eit klårt bilde av kapitalbehov, økonomi og ressursbruk. Eit KF, som driftar etter forretningsmessige prinsipp vil vere betre eigna og ha betre føresetnader til å sikre og oppretthalde verdiane til eigedomsmassen, og sikre høgt fokus på kompetanseutvikling.

Vedlegg

Les meir
08
Arbeidsmiljøutval UEKF 8.11.2024
Innstilling
Publisert

Hovudoppgåva til Ulstein Eigedomsselskap KF(UEKF) er drift og vedlikehald av kommunal bygningsmasse. Dette vert godt utført av dei tilsette slik organiseringa er i dag. Drift- og vedlikehald har litt lite fokus i den framlagde rapporten.

Generelt er det behov for større ressursar til drift- og vedlikehald av bygg.

AMU UEKF stiller spørsmål ved om det reelt er innsparingar å hente ved samarbeid mellom UEKF og teknisk etat knytt til snøbrøyting og grøntanlegg. Brøyting må i stor grad utførast samtidig, og det er difor samanfallande tidsmessig bruk av personell og utstyr. 

For sommarvedlikehaldet er det personalkostnaden som er vesentleg, og det manuelle arbeidet må utførast i alle høve. 

AMU er redd for at eigedomsforvaltninga kan bli litt mindre fleksibel og tungrodd ved ei innlemming i kommuneorganisasjonen – det vil ikkje bli så lett å «snu seg rundt».

AMU ser det som viktig å få rask avklaring om vidare organisering av eigedomsforvaltninga om UEKF skal innlemmast i kommuneadministrasjonen då det er behov for å få ro i organisasjonen. 

Vedlegg

Les meir