Forslag

Søknad om løyve til å ilegge tilleggsavgift, bomveg Flø veglag, Finter AS

01
Forslag frå S. O. Borgundvåg (H)
Forslag
Behandlet

Teknisk utval ber om ei nærare grunngjeving og juridisk vurdering av heimelen for tilleggsgebyr frå søkjar Finter AS før søknaden vert lagt fram til ny handsaming, jf. regelverk om fakturagebyr og tilleggsgebyr.

Vedlegg

Les meir
02
Kommunedirektøren si tilråding
Innstilling
Publisert

Flø veglag får løyve til å ilegge tilleggsavgift ved manglande betaling av bomavgift på kr 79,- for kjøretøy som passerer bom og der bompasseringa ikkje er oppgjort innan fastsett betalingsfrist.

 

Fastsatt tilleggsavgift kan indeksregulerast årleg i samsvar med endringar i konsumprisindeksen (KPI) frå føregående år. Første regulering kan vere i januar 2026. Utgangspunktet for prisreguleringa er 1. januar 2025.

 

Reglane for tilleggsgebyr bør informerast om ved skilt i nærleiken av passeringspunkt.

Vedlegg

Les meir