Ulstein kommunestyre godkjenner årsbudsjettet for 2025 og økonomiplanen for UEKF for åra 2025 - 2028.
Ulstein kommunestyre godkjenner låneopptak for 2025 på 58 304 000 kroner.
Alle lån i porteføljen kan vere gjenstand for refinansiering i inneverande år og i budsjettåret 2025.
Prosjektet Karsten Warholm stadion (Høddvoll friidrett) vert tilført investerings- og driftsrammer for UEKF og Ulstein kommune som følgjer:
Ulstein kommunestyre godkjenner årsbudsjettet for 2025 og økonomiplanen for UEKF for åra 2025 - 2028.
Ulstein kommunestyre godkjenner låneopptak for 2025 på 58 304 000 kroner.
Alle lån i porteføljen kan vere gjenstand for refinansiering i inneverande år og i budsjettåret 2025.
AMU har kjennskap til at det i store delar av bygningsmassen er avdekt behov for utskifting av lysarmatur til led-armatur. Dette må prioriterast for at det ikkje skal gå ut over helse, tryggleik og arbeidsmiljø. AMU meiner difor at det må avsetjast eit årleg beløp på minimum 1 mill. kr i økonomiplanperioden til føremålet, gjerne kombinert mellom investering og drift, 500 000 kr på kvar.
AMU konstaterer at den gjennomførte leikeplasskontrollen viser behov for oppfølging, reparasjonar og utskifting av leikeplassutstyr ved ein del av føremålsbygga UEKF forvaltar. Erstatning av apparat er kostnadskrevjande, og der bør liggje eit årleg investeringsbeløp på minimum 200 000 kr i økonomiplanperioden til føremålet.
AMU sluttar seg elles til økonomiplanframlegget frå dageleg leiar.