Forslag

Budsjett og økonomiplan for 2025-28

01
Forslag frå S. S. Scheide (H)
Forslag
Behandlet

Administrasjonsutvalet viser til utale frå Organisasjonene, og diskusjon rundt budsjett samt framlegg frå forløbig diskusjon politisk, og ber om at synspunkt blir vurdert vidare i budsjett behandlinga fram mot desember.

Vedlegg

Les meir
02
Felles uttale frå organisasjonane
Innstilling
Publisert

Det er positivt med realistiske budsjettrammer både i oppvekst/kultur og helse/omsorg og at ein har fjerna uspesifiserte innsparingskrav.

Det er bra der ikkje er underskot frå 2024 som må sparast inn i neste års budsjett. Organisasjonane ser det også som viktig at det vert lagt opp til høg grad av medverknad frå tillitsvalde i prosessane rundt utgreiinga av strukturendringar for oppvekst neste år. Det er positivt at vi startar prosessen tidleg.

Det er også positivt at bygging av nye Sundgotmarka Barnehage og uteområde ved Ulsteinvik Barneskule framleis ligg inne som planlagt.

Vi ser at arbeidet med forebyggande arbeid for barn og unge er skjerma i budsjettframlegget. I samband med det vil ein påpeike det viktige arbeidet som vert gjort i kultursektoren i Ulstein med t.d. Ung Arena og det gode arbeidet som vert gjort ved Ulstein helsestasjon. Det er svært viktig å framleis tenke forebygging og å hindre utanforskap.

Barnehage

Det er store utfordringar med rekruttering innanfor barnehagesektoren og også rekruttering til utdanning som barnehagelærar. Barnehagane har endra seg mykje siste åra. Det er mange fleire små barn også under 1 år i barnehagane og barna er mykje lenger i barnehagen. Opningstidene har vorte lenger med det resultat at bemanninga er spreidd over eit lengre tidsrom. Det er berre full bemanning i barnehagen i 4-5 timar per dag, full opningstid er i snitt 9,5 timar. Den viktigaste grunnen barnehagelærarar oppgir for om dei vil fortsetje i yrket er nok bemanning (90 %), lønn kjem som nr. 2 (70 %). 1 av 3 ser for seg å slutte i løpet av 1-3 år. I statsbudsjettet for 2025 vart det auka budsjettramme med 250 millionar for 2025 spesielt tenkt brukt til å auke bemanning i barnehage. I Ulstein kommune vert dette ca 400 000kr. Organisasjonane ynskjer at auka bemanning i barnehage vert prioritert framover. Det er viktig med gode rammer og eit godt tilbod for alle barnehagane i Ulstein kommune.

Skule/kultur

Skule skal til trass for auka budsjettramme kutte minst fem stillingar i 2025. Organisasjonane vil påpeike kor viktig det er med nok lærarar og fagarbeidarar med rett kompetanse til styrking og tidleg innsats.

I budsjettforslaget er det ikkje prioritert ekstraløyvingar til fysiske skulebøker på 300 000kr. Mange av skulane manglar oppdaterte lærebøker i mange fag. Jmf. spørsmål og svar i Framsikt frå Lisa Mari. Alle skulane har oppdaterte læreverk i matematikk, norsk og engelsk, men manglar i dei fleste andre fag. Det har vore stort fokus i media i det siste om viktigheita av fysiske lærebøker. Elevane si læring og leseferdigheiter vert betre om dei har ein balanse i fysiske og digitale lærebøker.

Demografi

Organisasjonane ser og forstår utfordringane med stadig fleire eldre over 80 år i Ulsteinsamfunnet. Samtidig vil ikkje talet på barn og unge gå vesentleg ned. Fram mot 2030 vil talet på barnehagebarn vere omtrent uendra og talet på elevar i grunnskulealder vil berre gå ned med 25, i økonomiperioden berre 15. Organisasjonane ser at det er planlagt store kutt i oppvekst og kultur framover og er sterkt uroa over dette. Det ser ut som om kutta er ein god del større enn anslaga for årlege endringar i kommunen sine utgiftsbehov.

Vi er opptekne av at den høge kvaliteten i skulane og barnehagane vert ivareteken. Lærarnorma og barnehagenorma er eit minimum, ein må også ha ressursar til styrking og tidleg innsats.

Helse- og omsorg:

Helse- og omsorgssektoren driv det fortsatt godt. Vi ser det som positivt at det er sett inn ressursar til bemanning i Skollebakken 1 når det opnar. Vi ser det vert utfordrande framover med omsyn til å få tak i nok godt kvalifisert arbeidskraft.

TØRN-prosjektet der vi ser på oppgåvefordeling og nye arbeidsmåtar vert viktig framover, men det krev god involvering, løysingar på tvers og utvikling av teknologi.

Vedlegg

Les meir
03
Teknisk utval 14.11.2024
Innstilling
Publisert

Teknisk utval ønskjer følgjande tiltak innarbeidd i økonomiplan/budsjett i uprioritert rekkefølgje:

   Drift:

  • Nedjustering av gebyrinntektene for byggesak og oppmåling – urealistisk høge inntektsmål over mange år

    • Auka løyving på 1 mill. kr til vegvedlikehald – viktig tiltak for å halde vegnettet i stand

      • Trafikktryggingstiltak – årleg ramme til mindre tiltak, avgrensa midlar som kan ha stor effekt

        • Auka prioritet på vedlikehald av parkar, grøntanlegg, installasjonar og liknande 

           

             Investering:

          • Løyving til trivselsgata på 250 000 kr i 2025 – kommunal mindre del av større spleiselag

            Vedlegg

            Les meir
            04
            Levekårsutvalet 13.11.2024
            Innstilling
            Publisert

            Levekårsutvalet tek orienteringa til vitende, og anerkjenner at kommunen står ovanfor eit stort omstillingsbehov. Vi ser at sektorane Helse og omsorg, samt Oppvekst og kultur står for storparten av utgiftene, og er positive til auken i desse budsjetta. Levekårsutvalet legg merke til, og er positive til, den sterke tenesteproduksjonen i desse sektorane, og ønsker at denne skal halde fram. Utvalet berømmer og kommunedirektøren og hans stab for arbeidet med budsjett og økonomiplanen. 

            Vedlegg

            Les meir
            05
            Fellesrådet 12.11.2024
            Innstilling
            Publisert

            Fellesrådet viser til punkt 2 om startlån. Vi ber om at det blir sett på molegheita til å auke opp låneopptak som i dag er foreslått til 6 millionar så det står meir i samsvar med antall søknadar (60 i fjor).

             

            Fellesrådet viser vidare til utgreiingar som skal foregå nå inne i helse og omsorg, samt oppvekst og kultur, at det blir kommunisert til ulike brukarorganisasjonar og fellesrådet undervegs.

            Vedlegg

            Les meir
            06
            Ungdomsrådet 11.11.2024
            Innstilling
            Publisert

            Ungdomsrådet tek sak om budsjett og økonomiplan til vitende, med følgande kommentarar:

             

            Det er positivt med satsing på IKT-utstyr, med eit årleg beløp, og ungdomsrådet håper det vert satsa på PC til elevbruk, i staden for Chromebook. Dette er betre med tanke på å lære pc til studie og jobb seinare. 

             

            Ungdomsrådet vil også peike på at ein ikkje må gløyme fysiske bøker, og oppdaterte bøker i skulen. Ein treng kanskje ikkje iPad allereie frå 1. klasse? Iallfall må det vere ein god balansegong, slik at ein også har fysiske bøker til både lesing og skriving.

             

            Ungdomsrådet er glad for at Ulstein kommune har eit godt og variert tilbod på fritida, både til organisert og uorganisert ungdom. Dei uformelle møteplassane er svært viktig, både for trivsel og forebyggande arbeid. Dette bør slåast ring rundt. 

             

            Ungdomsrådet vil også peike på arbeidet med MOT i skulen, at dette skaper robust ungdom, det er viktig for miljøet og gir ungdom verktøy til å ta gode val. Ungdomsrådet håper det til sommaren 2025 kan bli badeplass for ungdom i sentrum. 

             

            For at born og unge skal kunne ta del i fritidsaktivtetar på ettermiddag/helg, skulle dei ønske at busstilbodet til krinsane vert styrka! 

            Vedlegg

            Les meir