Treffstad for ungdom
Formannskapet 26.11.2024
Kommunestyret tilrår at ein arbeidar vidare med prosjektet Treffstad for ungdom.
Vedlegg
Forslag frå A. D. Bratli (Ap)
Kommunestyret tilrår at ein arbeider vidare med prosjektet Treffstad for ungdom. Kommunestyret ber også om at lærlingar blir invitert med i prosjektet framover.
Vedlegg
Kommunedirektøren si tilråding
Kommunedirektøren tilrår at ein arbeider vidare med prosjektet Treffstad for ungdom.
Vedlegg
Levekårsutvalet 13.11.2024
Kommunedirektøren tilrår at ein arbeider vidare med prosjektet Treffstad for ungdom.
Vedlegg
Fellesrådet 12.11.2024
Fellesrådet ber om at læringar blir invitert med i prosjektet framover.
Vedlegg
Ungdomsrådet 11.11.2024
Treffstad for ungdom er eit spennande prosjekt, og ungdomsrådet har mange tankar og idear om prosjektet vidare. Det var svært skuffande å høyre at ein ikkje kan gå vidare med lokale på Snorrebuda, og stilte seg i utgangspunktet uforståande.
Etter ei god orientering, vil ungdomsrådet no peike på at det er viktig å kome raskt i gong på ny plassering, og ungdomsrådet er motivert til å vere med på å utvikle prosjektet vidare på Skaparhuset. Ungdomsrådet gler seg til prosjektet er i gong og ope for målgruppa!