Votering er ferdig i denne saka.
Resultat av votering
20:45 Vest kontroll si tilråding
Kontrollutvalet kjem med slik tilråding til kommunestyret:
- Kommunestyret tek til vitende forvaltningsprosjektet “Sakshandsaming og etterleving”, utarbeida av Søre Sunnmøre kommunerevisjon, datert 11.10.2024.
- Kommunestyret vedtek at revisjonen sine tilrådingar skal følgjast/utførast:
- a. Det skal vere klare, eintydige spor mellom eit enkeltvedtak og den underliggande dokumentasjonen i fagsystemet, og kommunen bør derfor journalføre all relevant informasjon som kan utløyse enkeltvedtak om helsetenester, eller som enkeltvedtak viser til, i fagsystemet.
- b. Der kommunen ser at saksbehandlingstida kan bli meir enn ein månad, skal den så raskt som mogleg sørge for å sende eit foreløpig svar til søkaren (brukaren).
- c. Kommunen skal vurdere å spesifisere aktuelle lovreferansar i skriftleg utarbeidde rutinar der dette manglar.
- d. I saker der det er utarbeidd tiltaksplan eller slik plan er under utarbeiding, skal kommunen sørge for at dette blir vist til eller nemnt i enkeltvedtaket knytt til ein brukar sin søknad om ei spesifikk helseteneste.
- e. Kommunen skal oppdatere rutinebeskrivelsen for tryggleiksalarm med at brukaren skal informerast om at det er ei betalingsteneste. Kommunen bør vidare vurdere å endre enten rutinebeskrivelsen eller praksis med hensyn til flytskjema, slik at vert samsvar mellom desse.
- f. Kommunen skal scanne og arkivere signerte avtalar om matombering elektronisk i fagsystemet, sidan dette er ei teneste som krev enkeltvedtak. Undervegs i forvaltningsrevisjonsprosjektet har kommunen uttrykt at saksbehandlinga knytt til matombering er endra i samsvar med denne rutinen.
- g. For behandling av søknader om omsorgsløn skal kommunen sørge for fysiske møte, også i saker som er knytt til fornying (vidareføring) av avtale om omsorgsløn.
- Kommunestyret vedtek at kommunedirektøren skal lage ein prioritert handlingsplan til kontrollutvalet innan 15.01.2025 som viser kva tiltak som skal settast i verk for å følge opp tilrådingane i rapporten, kva tid tiltaka skal settast i verk og kven som har ansvaret for iverksettinga.
Vedteke