Hopp til hovudinnhaldet

Kommunedirektøren si tilråding

Ulstein kommune viser til at ferga er ein kritisk del av kvardagen og ein kraftig reduksjon av ferjetilbodet, særleg på Hareid-Sulesund, som er ei av Noregs mest trafikkerte ferjestrekningar, vil svekke næringslivet sterkt i regionen og gi innbyggjarane dårlegare tilgang til tenester og arbeid. Ulstein kommune ber om at tiltak som reduserer frekvensen på sambandet Hareid -Sulesund vert lagt bort. 

 

Ulstein kommune er samd med fylkeskommunedirektøren at det vil vere rett prioritering å skjerme vidaregåande skule og ein styrker samspelet mellom skule og næringsliv slik vi sikrar at ungdomane våre får relevant og praksisnær opplæring lokalt som gjer dei klare for arbeidslivet.