Forslag

Handsaming av dispensasjon og frådeling av parsellar - gnr. 72, bnr. 6 - deling av grunneigedom - Eika

01
Kommunalsjefen si tilråding
Innstilling
Behandlet

1.Teknisk utval gir med heimel i pbl § 19-2 dispensasjon frå strandsonevernet i pbl § 1-8 for frådeling av parsell nr. 1 på gnr. 72, bnr. 6. 

Grunngjeving for dette er at dispensasjonen ikkje vil setje vesentleg til side dei overordna omsyna som ligg bak føresegna. Det er lagt stor vekt på at parsell 1 er avklara gjennom reguleringsplanen med hyttepunkt i god avstand frå sjøen. Vidare vurderer utvalet fordelane til å vere klart større enn ulempene.

2.Teknisk utval finn ikkje grunnlag for å kunne gi dispensasjon frå deleforbodet i kommuneplanen § 8.1.1 og i frå strandsonevernet i pbl § 1-8 for deling av parsell 3 og parsell 5 som omsøkt. 

Utvalet grunngjev avslaget med at tiltaket kjem delvis i konflikt med naturtype kystfuruskog som er verdifastsatt som viktig. Formålet bak føresegnene det er søkt dispensasjon i frå vert dermed sett vesentleg til side.

3.Teknisk utval vurderer det slik at kommunen vil kunne gi dispensasjon for frådeling av parsell 3 og parsell 5 dersom ein reduserer arealet som vist til i saksutgreiinga, jf. fig. 4 og fig.5. Frådelingssøknaden, inklusive dispensasjon for parsellane 3 og 5, kan handsamast administrativt vidare etter at oppdatert situasjonskart er innlevert.

Vedlegg

Les meir