Resultat av votering

Saksframlegg - Gnr. 8, bnr. 199,200 - Søknad om dispensasjon frå krav til avkøyrsle, jf. kommuneplanens arealdel § 4.2

Votering er ferdig i denne saka.

13:06 Kommunalsjefen si tilråding

Med heimel i plan- og bygningslova (PBL) § 19-2 gir teknisk utval dispensasjon frå § 4.2 i føresegnene til arealdelen av kommuneplanen (planID 1516 2017) og kravet til avkøyrsle frå kommunal veg om maksimal stigning 1:8 og utflating 1:25 dei første 5 metrane frå vegkanten, slik at avkøyrsla frå vegkant og fram til garasjeport på nytt garasjetilbygg kan oppførast med stigning maksimalt inntil 1:5 og utflating maksimalt inntil 1:13 mot kommunal veg.

 

Føresetnaden for å kunne gi slik dispensasjon er at:

  • Avkøyrsla ikkje blir brattare enn 1:6,5 fram til dei 2 p-plassane som skal etablerast nord for eksisterande bustadhus. Det må etablerast støttemur minst 1 meter frå tomtegrense mot offentleg veg i denne samanheng. Støttemur kan vere søknadspliktig (jf. SAK10 § 4-1 m/ veil.) og må i så fall omsøkast og godkjennast etter PBL kap. 20 som del av tiltaket elles, før utføring.

    • Varmekablar må etablerast i avkøyrsla som er brattare enn 1:8 og utflating av avkøyrsle mot offentleg veg brattare enn 1:25.

       

      Grunngivinga for å kunne gi dispensasjon er at dispensasjonen ikkje vesentleg vil sette til side intensjonen bak føresegna og at fordelane er klart større enn ulempene ved å gi dispensasjonen:

      • Eigedomen er utbygt med eit eldre bustadhus, som gir ein etablert situasjon i høve høgdeplasseringa for eksisterande bustadhus og plassering av avkøyrsle til kommunal veg. Eigedomen er del av eit eldre, etablert og sentrumsnært bustadområde.

        • Tiltaket er knytt til hovudombygging av eksisterande eldre bustadhus, men med gjenbruk av store delar av eksisterande bustadhus noko som er i tråd med dagens mål om berekraft. 

          • Høgdenivå for eksisterande bustadhus legg føringar for høgdeplassering av garasjetilbygget og delvis også biloppstillingsplassane.

            • Ved plassering av 2 p-plassar nord for bustadhuset - som vist på situasjonsplan datert 18.10.2024, sist revidert 19.11.2024 - vil parkeringskravet om 2 p-plassar vere oppfylt for eigedomen. Avkøyrsla vil her ikkje bli brattare enn maksimalt 1:6,5.

              • Del av avkøyrsle fram til nytt garasjetilbygg med stigning brattare enn 1:8 og utflating 1:25 skal utførast med varmekablar og høve til oppvarming vinterstid. Dette tiltaket vil kunne sikre tilkomst til garasjedelen og p-plassar også ved glatt føre.

                • Samla sett blir talet på p-plasar dobla frå 2 til 4 p-plassar for eigedomen. Behovet for gjesteparkering i gata blir dermed redusert og sikrar betre tilkomst / avkøyrsle / parkering på eigedomen og tryggare trafikkavvikling i kommunal veg.

                  • Ved ny avkøyrsleløysing og garasjetilbygg vil ein også lettare kunne unngå rygging ut i kommunal veg, slik det er i dag.

                    • Endra avkøyrsle og plassering av nytt garasjetilbygg, vil ikkje medføre brattare tilkomst fram til garasjeport enn for eksisterande frittliggande garasje. 

                      Vedteke

                      FOR

                      7
                      Berit Roppen Senterpartiet Bjørn Gunnar Tafjord Kristeleg Folkeparti Hans Petter Th. Ulstein Høgre Linda Kjellevold Fremskrittspartiet John Birger Våge Framstegspartiet Lidar Wingsternes Arbeidarpartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet

                      MOT

                      0