Med heimel i plan- og bygningslova (PBL) § 19-2 gir teknisk utval dispensasjon frå §§ 3.1.1 og 3.1.6 i føresegnene til reguleringsplanen “Detaljregulering for Olsvik hytteområde” (planID 2019/0003), slik at det i regulert område BAV kan etablerast eit felles minireinseanlegg for hytteområdet, med utslepp til sjø.
Føresetnaden for å kunne gi slik dispensasjon er at:
Reinseanlegget blir etablert og drifta i samsvar med søknaden, med vedlagt dokumentasjon og lokal forskrift om utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg i Ulstein (FOR-2010-06-17-1002).
Tiltakshavar/eigar av minireinseanleget skal ha serviceavtale for drift og ettersyn av anlegget.
Opparbeiding og plassering av minireinseanlegget blir gjort i samsvar med reguleringsplanen (planID 2019/0003).
Grunngivinga for å kunne gi dispensasjonen er at dispensasjonen ikkje vesentleg vil sette til side intensjonen bak føresegna og det er ein vesentleg overvekt av fordelar ved å gi dispensasjonen:
Grunnforholda er ikkje gunstige for infiltrasjon - det blir derfor valt ei avløpsløysing med minireinseanlegg (type TOPAS 65 - 50 PE), med utslepp til sjø.
Fagrapporten har ikkje avdekka brønner nedanfor ønska reinseanlegg, fiskeplass, badeplass, næringsinteresser eller område for rekreasjon eller naturmangfald i nærleiken, som kan bli negtivt påverka av utsleppet.
Slamtøming vil kunne skje frå regulert tilkomstveg til hyttefeltet, om lag 20 meter frå reinseanlegget.
Minireinseanlegget er prosjektert utstyrt med overvaking og automatisk loggføring av status og er vurdert som ei tryggare og betre kontrollerbar avløpsløysing enn tette septiktankar for den enkelte hytteeigedom/felles tett septiktank.
Eit felles minireinseanlegg kan gi mindre behov for naturinngrep knytt til den enkelte hytteeigedom, og slamtøming vil kunne skje frå eitt felles anlegg i staden for hos den enkelte hytteeigedom.