Saksframlegg - Søknad om dispensasjon frå reguleringsplan, planID 20190003 - for etablering av reinseanlegg
01
Kommunalsjefen si tilråding
Innstilling
Behandlet
Med heimel i plan- og bygningslova (PBL) § 19-2 gir teknisk utval dispensasjon frå §§ 3.1.1 og 3.1.6 i føresegnene til reguleringsplanen “Detaljregulering for Olsvik hytteområde” (planID 2019/0003), slik at det i regulert område BAV kan etablerast eit felles minireinseanlegg for hytteområdet, med utslepp til sjø.
Føresetnaden for å kunne gi slik dispensasjon er at:
- Reinseanlegget blir etablert og drifta i samsvar med søknaden, med vedlagt dokumentasjon og lokal forskrift om utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg i Ulstein (FOR-2010-06-17-1002). 
 - Tiltakshavar/eigar av minireinseanleget skal ha serviceavtale for drift og ettersyn av anlegget. 
 - Opparbeiding og plassering av minireinseanlegget blir gjort i samsvar med reguleringsplanen (planID 2019/0003). 
 
Grunngivinga for å kunne gi dispensasjonen er at dispensasjonen ikkje vesentleg vil sette til side intensjonen bak føresegna og det er ein vesentleg overvekt av fordelar ved å gi dispensasjonen:
- Grunnforholda er ikkje gunstige for infiltrasjon - det blir derfor valt ei avløpsløysing med minireinseanlegg (type TOPAS 65 - 50 PE), med utslepp til sjø.
 - Fagrapporten har ikkje avdekka brønner nedanfor ønska reinseanlegg, fiskeplass, badeplass, næringsinteresser eller område for rekreasjon eller naturmangfald i nærleiken, som kan bli negtivt påverka av utsleppet.
 - Slamtøming vil kunne skje frå regulert tilkomstveg til hyttefeltet, om lag 20 meter frå reinseanlegget.
 - Minireinseanlegget er prosjektert utstyrt med overvaking og automatisk loggføring av status og er vurdert som ei tryggare og betre kontrollerbar avløpsløysing enn tette septiktankar for den enkelte hytteeigedom/felles tett septiktank.
 - Eit felles minireinseanlegg kan gi mindre behov for naturinngrep knytt til den enkelte hytteeigedom, og slamtøming vil kunne skje frå eitt felles anlegg i staden for hos den enkelte hytteeigedom. 
 
Vedlegg
Les meir
expand_more