Tilrådinga er at Roppen er ugild, jf. forvaltningslova § 6 andre avsnitt.
1.Teknisk utval gjev i medhald av § 19-2 i plan-og bygningslova (pbl) dispensasjon frå strandsonevernet i pbl § 1-8 og frå byggeforbodet i LNF-område, jf. kommuneplanens arealdel med føresegn § 8.1.1, for oppføring av støttemurar mot nord og vest på gnr. 28, bnr. 125 i samsvar med teikningssett sist datert 24.10.2024 som ligg ved. Grunngjeving for dette er at dispensasjonen ikkje vil setje vesentleg til side dei overordna omsyna som ligg i strandsonevernet og byggeforbodet i LNF-område. Det er lagt stor vekt på at tiltaket slik det no framstår ikkje vil utfordre landskapet eller medføre ei ytterligare privatisering av strandsona på Kvianeset slik teknisk utval ser det. I høve landbruksinteressene, vert det vist til at aktuelt areal ikkje er dyrka mark. Det vert sett vilkår for dispensasjonen om at det ikkje skal monterast rekkverk på støttemurane eller etablerast andre tiltak som kan verke privatiserande.
2.Teknisk utval ser alvorleg på at støttemurar har blitt oppført utan nødvendig løyve og i strid med strandsonevernet og byggeforbodet i LNF-område. I samsvar med pbl § 32-8 1. ledd bokstav a), jf. SAK10 § 16-1 bokstav c nr. 2 vert det difor gjeve overtredingsgebyr på kr 20 000 til tiltakshavar Idar Bergseth for oppføring av støttemurar på gnr. 28, bnr. 125 i strid strandsonevernet i pbl § 1-8, byggeforbodet i LNF-område i arealdelen av kommuneplanen og søknadsplikta i pbl § 20-1.