Hopp til hovudinnhaldet

Søknad om dispensasjon for støttemur - Dimnasund 30 - Gnr 28 bnr 125

01

Gildskapsvurdering av B. Roppen (Sp)

Forslag Behandlet

Tilrådinga er at Roppen er ugild, jf. forvaltningslova § 6 andre avsnitt.

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Kommunalsjefen si tilråding

Innstilling Publisert

1.Teknisk utval gjev i medhald av § 19-2 i plan-og bygningslova (pbl) dispensasjon frå strandsonevernet i pbl § 1-8 og frå byggeforbodet i LNF-område, jf. kommuneplanens arealdel med føresegn § 8.1.1, for oppføring av støttemurar mot nord og vest på gnr. 28, bnr. 125 i samsvar med teikningssett sist datert 24.10.2024 som ligg ved. Grunngjeving for dette er at dispensasjonen ikkje vil setje vesentleg til side dei overordna omsyna som ligg i strandsonevernet og byggeforbodet i LNF-område. Det er lagt stor vekt på at tiltaket slik det no framstår ikkje vil utfordre landskapet eller medføre ei ytterligare privatisering av strandsona på Kvianeset slik teknisk utval ser det. I høve landbruksinteressene, vert det vist til at aktuelt areal ikkje er dyrka mark. Det vert sett vilkår for dispensasjonen om at det ikkje skal monterast rekkverk på støttemurane eller etablerast andre tiltak som kan verke privatiserande. 

2.Teknisk utval ser alvorleg på at støttemurar har blitt oppført utan nødvendig løyve og i strid med strandsonevernet og byggeforbodet i LNF-område. I samsvar med pbl § 32-8 1. ledd bokstav a), jf. SAK10 § 16-1 bokstav c nr. 2 vert det difor gjeve overtredingsgebyr på kr 20 000 til tiltakshavar Idar Bergseth for oppføring av støttemurar på gnr. 28, bnr. 125 i strid strandsonevernet i pbl § 1-8, byggeforbodet i LNF-område i arealdelen av kommuneplanen og søknadsplikta i pbl § 20-1. 

Vedlegg

Les meir expand_more
03

Fellesframlegg til nytt punkt 2

Forslag Behandlet

2. Teknisk utval ser alvorleg på at støttemurar har blitt oppført utan nødvendig løyve og i strid med strandsonevernet og byggeforbodet i LNF-område. I samsvar med pbl § 32- 8 1. ledd bokstav a), jf. SAK 10 §§ 16-1 bokstav c nr. 2 og 16-2, vert det difor gjeve overtredingsgebyr på kr 40 000 til tiltakshavar Idar Bergseth for oppføring av støttemurar på gnr. 28, bnr. 125 i strid strandsonevernet i pbl § 1-8, byggeforbodet i LNF-område i arealdelen av kommuneplanen og søknadsplikta i pbl § 20-1. Teknisk utval viser til at det ligg føre tre sjølvstendige brot på regelverket, oppføring av bustadhuset er basert på dispensasjon og tiltakshavar har tidlegare fått overtredingsgebyr for tiltak i strandsona ved bygging av naustveg på gnr. 7, bnr. 816.

Vedlegg

Les meir expand_more