Resultat av votering

Søknad om forlenga dispensasjon for mellombels bruksendring av u.etg. og 1. etg til bustadføremål - Kyrkjegata 8 - gnr. 8, bnr. 29

Votering er ferdig i denne saka.

13:26 Kommunalsjefen si tilråding

Teknisk utval gjev i samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 19-2 dispensasjon frå reguleringsføresegnene § 4 i «Kvartalet Sjøgata, Vikemyra, Kyrkjegata», planID 20100001, slik at heile bygningen med unntak av 4. etg./loftet kan nyttast til bustadføremål i ein avgrensa periode. Det vert også gjeve dispensasjon frå § 3 i planen i høve parkeringskravet på 1,5 p-plassar pr. husvære. Dispensasjonane gjeld fram til 01.01.2028. 

 

Teknisk utval set som vilkår for dispensasjonane at huseigar må syte for at areal for bustadføremål til ei kvar tid stettar tekniske krav som t.d. å ha vindauge i alle soverom, ventilasjon, tilgang til naudsynte sløkkemiddel, høgde på rekkverk og operative røykvarslarar og rømingsvegar. 

 

Kommunen finn at der er ei overvekt av grunnar som talar for at dispensasjonane kan forlengast enda ein gong. Det vert lagt stor vekt på at dette gjeld ei mellombels bruksendring då huseigar har opplyst om at ein avventar med utbyggingsplanar for eigedomen til områdeplanen for Ulsteinvik sentrum er ferdig, jf. vedtak i arealdelen til kommuneplanen av 28.3.2019. Vidare har det vist seg at det framleis er eit stort behov for sentrumsnære bustadar. Tiltaket vil slik kommunen ser det difor ikkje vesentleg tilsidesette omsyna som ligg til grunn for føresegnene i reguleringsplanen. 

Vedteke

FOR

7
Berit Roppen Senterpartiet Bjørn Gunnar Tafjord Kristeleg Folkeparti Hans Petter Th. Ulstein Høgre Linda Kjellevold Fremskrittspartiet John Birger Våge Framstegspartiet Lidar Wingsternes Arbeidarpartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet

MOT

0

13:26 Fellesframlegg

Tilleggspunkt:

Teknisk utval går inn for at det vert ført tilsyn med tryggleiken i objektet.

Vedteke

FOR

7
Berit Roppen Senterpartiet Bjørn Gunnar Tafjord Kristeleg Folkeparti Hans Petter Th. Ulstein Høgre Linda Kjellevold Fremskrittspartiet John Birger Våge Framstegspartiet Lidar Wingsternes Arbeidarpartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet

MOT

0