Forslag

Søknad om forlenga dispensasjon for mellombels bruksendring av u.etg. og 1. etg til bustadføremål - Kyrkjegata 8 - gnr. 8, bnr. 29

01
Kommunalsjefen si tilråding
Innstilling
Behandlet

Teknisk utval gjev i samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 19-2 dispensasjon frå reguleringsføresegnene § 4 i «Kvartalet Sjøgata, Vikemyra, Kyrkjegata», planID 20100001, slik at heile bygningen med unntak av 4. etg./loftet kan nyttast til bustadføremål i ein avgrensa periode. Det vert også gjeve dispensasjon frå § 3 i planen i høve parkeringskravet på 1,5 p-plassar pr. husvære. Dispensasjonane gjeld fram til 01.01.2028. 

 

Teknisk utval set som vilkår for dispensasjonane at huseigar må syte for at areal for bustadføremål til ei kvar tid stettar tekniske krav som t.d. å ha vindauge i alle soverom, ventilasjon, tilgang til naudsynte sløkkemiddel, høgde på rekkverk og operative røykvarslarar og rømingsvegar. 

 

Kommunen finn at der er ei overvekt av grunnar som talar for at dispensasjonane kan forlengast enda ein gong. Det vert lagt stor vekt på at dette gjeld ei mellombels bruksendring då huseigar har opplyst om at ein avventar med utbyggingsplanar for eigedomen til områdeplanen for Ulsteinvik sentrum er ferdig, jf. vedtak i arealdelen til kommuneplanen av 28.3.2019. Vidare har det vist seg at det framleis er eit stort behov for sentrumsnære bustadar. Tiltaket vil slik kommunen ser det difor ikkje vesentleg tilsidesette omsyna som ligg til grunn for føresegnene i reguleringsplanen. 

Vedlegg

Les meir
02
Fellesframlegg
Forslag
Behandlet

Tilleggspunkt:

Teknisk utval går inn for at det vert ført tilsyn med tryggleiken i objektet.

Vedlegg

Les meir