← Tilbake

Sak PS 115/24 - Uttale til oppstartemelding om ny 132 kV høgspentlinje frå Haugen i Østa til Hareidseidet i Ulstein

01
Fellesframlegg
Forslag
Behandlet

Teknisk utval har følgjande innspel til oppstartsmelding om ny 132 kV høgspentlinje i Ulstein frå Eiksund til Hareidseidet:

Utvalet går imot framlagde alternativ om å leggje ny 132 kV linje i trase over høgdedraget på kartet namnsett Surnakkane/Bulia og vidare over Fjellsvatnet med samanknyting av eksisterande leidningstrase nord for Fjellsvegen (raud farge på kart som følgjer oppstartvarselet). Årsaka er at linja vil bli eksponert med mastplassering på eller nær høgbrekket der turstien går til Garnestua og fjellområda sør-, vest- og nordover. Dette er eit mykje brukt og høgt verdsett turområde. Linja vil også vere markant synleg frå Løset hyttefelt, hyttene ved Fjellsvatnet og bustadane/gardsbruka i området og vil gje negativ nærverknad lokalt. 

For nærområdet og allmenta elles meiner utvalet at det bør nyttast jordkabel i området frå punktet der ny linje skil lag med opphavleg 66 kV-trasé til Hareidseidet, alternativt til dyrkingsfeltet til gnr. 11, bnr. 7 på Fjelle.

Om der må vere luftspenn i området mellom Løsetvatnet nordover forbi hytteområdet på Fjelle, så vil utvalet tilrå alternativet der linja vert lagt i noverande trase som 2-kurs-linje (rosa linje merka 2.1 i høyringskartet).

Utvalet støttar at det vert lagt jordkabel frå Hareidseidet til ny transformatorstasjon i Saunesmarka. Det er viktig at detaljert plassering vert avtalt med kommunen som planmynde, jf. at arealet er avsett til næringsføremål med vegføring i arealdelen til kommuneplanen. 

Vedlegg

Les meir
02
Kommunalsjefen si tilråding
Innstilling
Behandlet

Teknisk utval har følgjande innspel til oppstartsmelding om ny 132 kV høgspentlinje i Ulstein frå Eiksund til Hareidseidet:

Utvalet går imot framlagde alternativ om å leggje ny 132 kV linje i trase over høgdedraget på kartet namnsett Surnakkane/Bulia og vidare over Fjellsvatnet med samanknyting av eksisterande leidningstrase nord for Fjellsvegen (raud farge på kart som følgjer oppstartvarselet). Årsaka er at linja vil bli eksponert med mastplassering på eller nær høgbrekket der turstien går til Garnestua og fjellområda sør-, vest- og nordover. Dette er eit mykje brukt og høgt verdsett turområde. Linja vil også vere markant synleg frå Løset hyttefelt, hyttene ved Fjellsvatnet og bustadane/gardsbruka i området og vil gje negativ nærverknad lokalt. 

For nærområdet og allmenta elles meiner utvalet at det vil vere ein fordel om jordkabel vert nytta i området frå Løsetvatnet til og med hyttefeltet på Fjelle (blå stipla linje i kartet).