← Tilbake

Sak PS 11/24 - Samarbeidsavtale mellom Helse Møre og Romsdal og Ulstein kommune

01
Innstilling frå kommunedirektøren
Innstilling
Behandlet

1. Kommunestyret godkjenner revidert samhandlingsavtale mellom Helse Møre og Romsdal HF og kommunane i Møre og Romsdal for perioden 2025–2029

2. Kommunestyret ber ordførar om å signere avtalen som kommunens rettslege representant

Vedlegg

Les meir
02
Uttale frå fellesrådet 28.01.2025
Innstilling
Publisert

Fellesrådet støttar samarbeidsavtalen mellom Ulstein kommune og helse Møre og Romsdal. Avtalen er god og dekker dei fleste viktige område.

Fellesrådet ser likevel med uro på at ein ynskjer å legge ned fagleg samarbeidsutval for vaksen habilitering og ynskjer å føre desse oppgåvene inn i dei andre utvala. Dette er fordi dette gjeld ei gruppe som har ganske samansette utfordringar som kommunane vil slite med å bygge opp fagkunnskap om. Samstundes fryktar vi at denne gruppa vil miste fokus når dei andre faglege utvala skal ta over.

Vedlegg

Les meir