Resultat av votering

Søknad om dispensasjon frå strandsonevernet - Naust, flytebrygge, sjøbud og landbruksveg - Selvågvegen 20 - gnr. 74, bnr. 1

Votering er ferdig i denne saka.

12:11 Kommunalsjefen si tilråding

Teknisk utval gjev dispensasjon frå strandsonevernet i plan- og bygningslova (pbl) § 1-8 vedk.

"Forbod mot tiltak mv. langs sjø og vassdrag"

slik at naust, flytebrygge, sjøbud med kai og landbruksveg på gnr. 74, bnr. 1 i Selvågvegen 20 kan etablerast som omsøkt, jf. revidert situasjonsplan datert 14.01.2025.

Dispensasjonen er grunngjeven med følgjande konkrete forhold i saka:

  • Tiltaka er vurdert til å vere i samsvar med arealføremålet landbruk (LNF-område), jf. kommuneplanen sin arealdel § 3.2.2.

    • Dette er tiltak som er direkte knytt opp i mot drifta av ein landbrukseigedom der vesentlege delar av utmarka er på ein holme.

      • Tiltaka vil såleis vere nødvendig for bruk av utmarka på Selvågholmen til beite og landskapspleie i samsvar med skjøtselsplanen.

        • Det er pr. i dag vanskeleg å kome inn/ut med båt, dyr og utstyr. Tiltaket vil gjere aktiviteten tryggare og meir brukarvenleg.

          Teknisk utval konkluderer difor med at tiltaket ikkje vil vesentleg tilsidesette omsyna bak føresegnene det dispenserast frå. Fordelane ved å gje dispensasjon synest også klart større enn ulempene tiltaket kan medføre.

          Teknisk utval set følgjande vilkår for dispensasjonen:

          1. Tiltaka må tilfredsstille pbl § 28-1 og TEK17 sine krav til tryggleik mot naturfare i tryggleiksklasse F1.

            • Landbruksvegen må godkjennast etter landbruksforskrifta.

              • Det nye naustet må plasserast så langt som råd inn mot terrenget mot nord for å ivareta kulturmiljøet i høve det gamle naustet.

                • Dersom ein oppdagar kulturminne skal arbeidet stansast og ein må snarast melde i frå til Møre og Romsdal fylkeskommune, jf. varslingsplikta etter kulturminnelova.

                  Dokumentasjon på punkt 1 må, i lag med komplett byggemelding etter plan- og bygningslova § 20-4, leverast inn for godkjenning av plan- og bygningsavdelinga.

                  Vedteke

                  FOR

                  7
                  Berit Roppen Senterpartiet Bård Emil Ødegård Senterpartiet Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Berit Overvåg Hjorth Høgre Hans Petter Th. Ulstein Høgre Alf Johan Antonsen Framstegspartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet

                  MOT

                  0