Teknisk utval gjev dispensasjon frå byggeforbodet i LNF-område, jf. kommuneplanen sin arealdel § 8.1.1 og frå strandsonevernet i plan- og bygningslova (pbl) § 1-8 vedkomande forbod mot tiltak mv. langs sjø og vassdrag slik at turveg og parkeringsareal på gnr. 19, bnr. 1, 40 og gnr. 18, bnr. 2, 60 kan etablerast som omsøkt, jf. situasjonsplan datert 12.12.2024.
Dispensasjonen er grunngjeven med at dette er tiltak som inneber ei fornuftig sluttføring av turveg på strekninga Haddal - Selvåg, og som i det vesentlege samsvarar med intensjonen med planlagt trase innlagt i kommuneplanen sin arealdel. Dette vil vere eit positivt folkehelsetiltak då det vert lagt til rette for både gåande og syklande mellom Haddal og Selvåg/Eiksund. Med plassering nærare sjøen og lengre frå trafikkert bilveg, vil turvegen også kunne føre til ei meir positiv naturoppleving for brukarane enn om det vart halde fast på opphavleg trase.
Teknisk utval konkluderer difor med at tiltaket ikkje vil vesentleg tilsidesette omsyna bak føresegnene det vert dispensert frå. Fordelane ved å gje dispensasjon synest også klart større enn ulempene tiltaket kan medføre. Dette i tillegg til at den vil vere viktig rekreasjonsmessig i høve bilfri ferdsel mellom Haddal og Selvåg/Eiksund og såleis vere eit godt folkehelsetiltak.
Teknisk utval set følgjande vilkår for dispensasjonen:
Det skal ikkje fyllast ut i sjø, jf. krav frå Statsforvaltaren.
Det skal takast særleg omsyn til terreng og vegetasjon med minst mogleg skjering/fylling og grøfting.
Turvegen må etablerast med så låg stigning som mogleg.
Det må førast opp sikring mot fall i den brattaste skråninga, jf. snitt A-B.
Det må ligge føre grunnavtale med eigar av gnr. 19, bnr. 1.
Dersom ein oppdagar kulturminne skal arbeidet stansast og ein må snarast melde i frå til Møre og Romsdal fylkeskommune, jf. varslingsplikta etter kulturminnelova.
Teknisk utval kan ikkje sjå at det er grunnlag for å etablere venstresvingeforbod i krysset mellom Eiksundvegen og Selvågvegen og vil frårå dette overfor Statens vegvesen. Årsaka er at turvegparkering er avgrensa og vil i liten grad auke i forhold til turtrafikken på Selvågvegen i dag, og det vil bli meir trafikk på Selvågvegen. Utvalet er spesielt uroa over at ei slik trafikkregulering vil unødig belaste Selvågvegen med meir trafikk.
Teknisk utval tilrår overfor fylkeskommunen at det vert sett opp fareskilt som varslar om at turveg kryssar fylkesvegen.
Administrasjonen kan gje ut løyve til tiltak i samsvar med pbl § 21-4 når dokumentasjon på punkt 5 i vilkåra over er innlevert til plan- og bygningsavdelinga.
Teknisk utval gjev dispensasjon frå byggeforbodet i LNF-område, jf. kommuneplanen sin arealdel § 8.1.1 og frå strandsonevernet i plan- og bygningslova (pbl) § 1-8 vedkomande forbod mot tiltak mv. langs sjø og vassdrag slik at turveg og parkeringsareal på gnr. 19, bnr. 1, 40 og gnr. 18, bnr. 2, 60 kan etablerast som omsøkt, jf. situasjonsplan datert 12.12.2024.
Dispensasjonen er grunngjeven med at dette er tiltak som inneber ei fornuftig sluttføring av turveg på strekninga Haddal - Selvåg, og som i det vesentlege samsvarar med intensjonen med planlagt trase innlagt i kommuneplanen sin arealdel. Dette vil vere eit positivt folkehelsetiltak då det vert lagt til rette for både gåande og syklande mellom Haddal og Selvåg/Eiksund. Med plassering nærare sjøen og lengre frå trafikkert bilveg, vil turvegen også kunne føre til ei meir positiv naturoppleving for brukarane enn om det vart halde fast på opphavleg trase.
Teknisk utval konkluderer difor med at tiltaket ikkje vil vesentleg tilsidesette omsyna bak føresegnene det vert dispensert frå. Fordelane ved å gje dispensasjon synest også klart større enn ulempene tiltaket kan medføre. Dette i tillegg til at den vil vere viktig rekreasjonsmessig i høve bilfri ferdsel mellom Haddal og Selvåg/Eiksund og såleis vere eit godt folkehelsetiltak.
Teknisk utval set følgjande vilkår for dispensasjonen:
Det skal ikkje fyllast ut i sjø, jf. krav frå Statsforvaltaren.
Det skal takast særleg omsyn til terreng og vegetasjon med minst mogleg skjering/fylling og grøfting.
Turvegen må etablerast med så låg stigning som mogleg.
Det må førast opp sikring mot fall i den brattaste skråninga, jf. snitt A-B.
Det må ligge føre grunnavtale med eigar av gnr. 19, bnr. 1.
Dersom ein oppdagar kulturminne skal arbeidet stansast og ein må snarast melde i frå til Møre og Romsdal fylkeskommune, jf. varslingsplikta etter kulturminnelova.
Teknisk utval føreset at det vert sett opp skilt som syner venstresvingforbod, både frå fylkesveg og inn på fylkesveg i krysset mellom Eiksundvegen og Selvågvegen, jf. krav frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Teknisk utval tilrår overfor Statens vegvesen at slik skilting vert godkjent etter nærare utarbeidd skiltplan.