Teknisk utval finn at det i klagen frå Ruth Løken på vedtak i sak PS 94/24, møtedato 14.11.2024, ikkje er lagt fram nye og vesentlege opplysningar som ikkje var kjende då utvalet handsama søknaden om dispensasjon frå LNF- område i kommuneplanens arealdel og ifrå strandsonevernet i pbl § 1-8 for oppføring av flåte med gangbane i ferjestøa på Eiksundkaia 65.
Teknisk utval opprettheld difor vedtaket i sak PS 94/24 om dispensasjon og oppføring av flåte med gangbane på Eiksundkaia 65, gnr. 70, bnr. 91
Klagen vert å sende over til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for vidare handsaming etter reglane i forvaltningslova, jf. også § 1-9 i pbl.