Kommunalsjefen si tilråding
1.Teknisk utval gjev med heimel i plan- og bygningslova § 19-2 dispensasjon frå plankrav i kommuneplanens arealdel § 1.1.1 og frå strandsonevernet i plan- og bygningslova § 1-8 for frådeling av det tidlegare bygsla naustet på gnr. 32, bnr. 2 i samsvar med kart, datert 19.11.2024
Dispensasjonen kan gjevast då omsyna som ligg til grunn for arealføremålet ikkje blir vesentleg tilsidesett. Fordelane ved å gi dispensasjon er samla sett vurdert til å vere større en ulempene. Det blir lagt vekt på at dette er eit eldre eksisterande naust, og tomtearealet vil ikkje ha betydning for ei seinare regulering. Når det gjeld dispensasjon frå strandsonevernet så er vernet sett for at det skal takast særleg omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser. Vi kan ikkje sjå at dette vert vesentleg forringa ved at nausttomta vert skilt frå eigedomen elles og overført til nye eigarar.
2.Teknisk utval godkjenner frådelingssøknaden med heimel i plan- og bygningslova § 20-1 med følgjande vilkår:
- Frådelinga gir ikkje løyve til endringar på naustet eller tomta elles.
Følgjande dokument ligg til grunn for godkjenninga:
- Kart, datert 19.11.2024
- Veg- og bruksrett, datert 29.11.2024
- Vegrett, datert 23.01.2024