Teknisk utval viser til søknad, saksutgreiing og kommunale retningslinjer for tildeling/sal av kommunale bustadtomter.
Teknisk utval godkjenner at Yvonne Nathalie Dimmen og Sverre Elling Svestad slepp å selje tomt nr. 25 på Skeide, gnr. 6, bnr. 237, tilbake til kommunen og at dei får ny utsett byggefrist for tomta gjeldande fram til 30.06.2025. Ytterlegare forlenga byggefrist kan ikkje påreknast.
Følgande føresetnader blir sett for godkjenninga:
1. 1. Eigarane av tomt nr. 25 på Skeide (gnr. 6, bnr. 237) aksepterer at kommunen snarast råd justerer tomtegrensene mellom tomtene nr. 24, 25 og 27, om lag som vist på vedlagt situasjonskart datert 05.04.2024. Administrasjonen får fullmakt til å gjere mindre justeringar på grensene innanfor rammene av dette vedtaket.
2. Frist for skriftleg aksept frå eigarane av tomt nr. 25, Yvonne Nathalie Dimmen og Sverre Elling Svestad, blir sett til 15.02.2025. Dersom skriftleg aksept ikkje ligg føre innan fristen, vil kommunen straks krevje bustadtomta tilbakeseld til kommunen i samsvar med kjøpekontrakten.
3. Tomt nr. 27 får dermed auka tomtearealet med om lag 60 m 2 , der arealet blir avgitt frå tomt nr. 25 (jf. parsell nr. 1 på vedlagt situasjonskart).
4. Tomt nr. 25 får tilbake tilsvarande areal frå tomt nr. 24 (jf. parsell nr. 2 på vedlagt situasjonskart), slik at tomtearealet for tomt nr. 25 blir uendra.
5. Kommunen syt for kostnadsfri opparbeiding av tilkomstveg langs tomt nr. 25 i samsvar med reguleringsplanen.
6. Kjøpar av tomt nr. 27 dekker kostnaden ved grensejusteringa. Kommunen legg til grunn lågast moglege gebyr.
Teknisk utval legg til grunn at kjøpar av tomt nr. 27 står ved sitt uttalte samtykke om dekking av kostnader for grensejusteringa, og at planlagt hus på tomt nr. 25 ikkje treng flyttast lenger frå eksisterande tomtegrense som følgje av slik grensejustering, jf. avstandskrav i plan- og bygningslova.
Kjøpar av tomt nr. 27 på Skeide må levere slikt samtykke skriftleg til kommunen seinast ved signering av kjøpekontrakt for tomt nr. 27, gnr. 6, bnr. 236