Levekårsutvalet vedtek tilrådinga til kommunedirektøren med forbehold om at kommunestyret får ei orientering om kva konsekvensar dette kan få for handsaming i politiske utval og næarare om korleis arbeidet Eigedomsavdelinga vert organisert.
1. Endringar i delegeringsreglementet for Ulstein kommune vert vedteke i samsvar med vedlegg 1, 2, 3 og 4.
Kommunedirektøren oppdaterer kommunen sitt system «KF delegering» i samsvar med dei vedtekne endringane.
2. Økonomireglementet vert vedteke i samsvar med vedlegg 5.
3. Investeringsreglementet vert vedteke i samsvar med vedlegg 6.
4. Kommunedirektøren har mynde til å gjere redaksjonelle endringar i reglementa i punkt 1, 2 og 3 over, og i andre reglement i samband med avviklinga av Ulstein Eigedomsselskap KF.