Ulstein kommunestyre utsetter saka
Ein registrerer den økonomiske situasjonen i fleire private barnehagar er utfordrande, og at dette kan få konsekvensar for tilbodet til barna og stabiliteten i sektoren. For å sikre eit variert og geografisk spreidd barnehagetilbod ber kommunestyret om ei utgreiing av moglegheita for å etablere ei mellombels kompensasjonsordning for private barnehagar med særlege økonomiske utfordringar.
Kommunestyret ber administrasjonen greie ut:
Behov og kriterium: Kor mange barnehagar står i ein kritisk økonomisk situasjon, og kva kriterium som bør ligge til grunn for eventuell støtte. Dette omfattar og krav til dokumentasjon av økonomiske utfordringar over tid og bruken av tilskotet.
Finansiering: Mogleg finansiering av ordninga, anten gjennom omdisponering av eksisterande midlar eller andre finansieringskjelder.
Tidsavgrensing og evaluering: Kor lenge ei slik ordning bør gjelde, og korleis ho skal evaluerast.
Søknadshandsaming: Korleis skal ein forvalte ordninga og handsame søknader.
Utgreiinga skal leggast fram for kommunestyret i mai 2025, slik at vi kan ta stilling til både behov, finansiering og praktisk gjennomføring.
Ulstein kommunestyre ber òg om at saka om pensjonstilskot for 2024 vert vurdert på nytt, med bakgrunn i dei pågåande rettssakene der rettskraftig avgjerd er estimert i 2028.