Resultat av votering

Søknad om konsesjon frå Ingeborg Brudevoll for kjøp av gnr 13 bnr 3 og 6 og gnr 11 bnr 1

Votering er ferdig i denne saka.

11:02 Forslag frå A. J. Antonsen (Frp)

Grunngjeving:

Det vert ikkje kravd buplikt på eigedomen i denne saka sjølv om arealet på eigedomen er innafor kravet for buplikt. Etter utvalet si oppfatning stettar ikkje våningshuset lenger krava for å vere ein heilårsbustad. Det går fram av tilstandsrapporten som ligg ved i saka. Det vil difor vere urimeleg å krevje at søkjaren oppfyller buplikta på eigedomen.

Utvalet legg vekt på at eigedomen er eigna som tilleggsjord og at det vil vere ei god driftsmesseg løysing for eigaren da ho skal drifte eigedomen her med slått og beite i lag med eigedomen på Eidet. Utvalet meiner det ikkje ligg eit potensial i eigedomen som sjølvstendig bruk da det er dårleg teknisk standard på driftsbygningane på eigedomen, og eigedomen i praksis er utan heilårsbustad.

Framlegg:

Med heimel i konsesjonslova §9, jf. § 2 gir Ulstein kommune konsesjon til Ingeborg Brudevoll for overtaking av gnr. 13, bnr. 3 og 6, og gnr. 11, bnr. 1 frå Nils Gunnar Moldskred. Brudevoll får fritak frå buplikta § 5 andre ledd da våningshuset på eigedomen vert vurdert til å ikkje vere ein heilårsbustad.

Vedteke

FOR

6
Bjørn Gunnar Tafjord Kristeleg Folkeparti Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Hans Petter Th. Ulstein Høgre Berit Overvåg Hjorth Høgre Alf Johan Antonsen Framstegspartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet

MOT

1
Berit Roppen Senterpartiet

11:02 Kommunalsjefen si tilråding

Med heimel i konsesjonslova §9, jf. § 2 gir ikkje Ulstein kommune konsesjon til Ingeborg Brudevoll for overtaking av gnr. 13, bnr. 3 og 6, og gnr. 11, bnr. 1 frå Nils Gunnar Moldskred.

Grunngjeving:

Det vert lagt vekt på at buplikta på eigedomen ikkje vert oppfylt då det er få eigedomar med lovbestemt buplikt i kommunen. Våningshuset på eigedomen vart nytta som heilårsbustad for inntil eit år sidan, og det vert vurdert til å vere eit bustadhus som kan nyttast som heilårsbustad.

Kjøp av eigedomen som tilleggsjord vil ikkje vere ei driftsmesseg god løysing. Avstanden mellom bruka er for stor og det er eit potensial i eigedomen som sjølvstendig bruk, sett ut frå arealressursane på eigedomen.

Fallen

FOR

1
Berit Roppen Senterpartiet

MOT

6
Bjørn Gunnar Tafjord Kristeleg Folkeparti Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Hans Petter Th. Ulstein Høgre Berit Overvåg Hjorth Høgre Alf Johan Antonsen Framstegspartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet