Kommunalsjefen si tilråding
Med heimel i konsesjonslova §9, jf. § 2 gir ikkje Ulstein kommune konsesjon til Ingeborg Brudevoll for overtaking av gnr. 13, bnr. 3 og 6, og gnr. 11, bnr. 1 frå Nils Gunnar Moldskred.
Grunngjeving:
Det vert lagt vekt på at buplikta på eigedomen ikkje vert oppfylt då det er få eigedomar med lovbestemt buplikt i kommunen. Våningshuset på eigedomen vart nytta som heilårsbustad for inntil eit år sidan, og det vert vurdert til å vere eit bustadhus som kan nyttast som heilårsbustad.
Kjøp av eigedomen som tilleggsjord vil ikkje vere ei driftsmesseg god løysing. Avstanden mellom bruka er for stor og det er eit potensial i eigedomen som sjølvstendig bruk, sett ut frå arealressursane på eigedomen.