Teknisk utval finn ikkje at det i klagen frå Ruth Løken på vedtak i delegert sak DS- 03/25, er lagt fram nye og vesentlege opplysningar for søknaden om dispensasjon for arealbruken og bruksendring av det tidlegare kioskbygget som ikkje har vore kjende og vurderte ved tidlegare sakshandsaming og vedtak. Teknisk utval opprettheld difor vedtaket i delegert sak DS- 03/25 om dispensasjon og bruksendring på Eiksundkaia 65, gnr. 70, bnr. 91 og tek dermed ikkje klagen til følgje.
Klagen vert å sende over til statsforvaltaren i Møre og Romsdal for vidare handsaming etter reglane i forvaltningslova, jf. § 1-9 i pbl.