Hopp til hovudinnhaldet

Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

14:56 Forslag frå B. B. Hansen (Frp)

Ulstein kommunestyre ber administrasjon om å bruke ekstra løyvinga på 1,700 millioner kroner til å styrke barnehagene i 2025 i Ulstein.

Fallen

FOR

1
Bennie Bantilan Hansen Framstegspartiet

MOT

6
Lisa Mari Breivik Anderson Senterpartiet Anders Myrene Kristeleg Folkeparti Stian Skorgen Scheide Høgre Egil Ulfstein Høgre Aurora Dimmen Bratli Arbeidarpartiet Hanne Notøy Arbeidarpartiet

14:57 Forslag frå S. S. Scheide (H) korrigert forslag frå Levekår

  1. Ramma er på 1,7millioner kroner, reff vedtak om tillegsløyve frå desember 2024 Ulstein kommunestyre utsetter saka
    • Ein registrerer den økonomiske situasjonen i fleire private barnehagar er utfordrande, og at dette kan få konsekvensar for tilbodet til barna og stabiliteten i sektoren. For å sikre eit variert og geografisk spreidd barnehagetilbod ber kommunestyret om ei utgreiing av moglegheita for å etablere ei mellombels kompensasjonsordning for private barnehagar med særlege økonomiske utfordringar. (sjå bestilling)
      • Ulstein kommunestyre ber òg om at saka om pensjonstilskot for 2024 vert vurdert på nytt, med bakgrunn i dei pågåande rettssakene der rettskraftig avgjerd er estimert i 2028.

        Kommunestyret ber administrasjonen greie ut:

        1. Behov og kriterium: Kor mange barnehagar står i ein kritisk økonomisk situasjon, og kva kriterium som bør ligge til grunn for eventuell støtte. Dette omfattar og krav til dokumentasjon av økonomiske utfordringar over tid og bruken av tilskotet.
          • Finansiering: Mogleg finansiering av ordninga, anten gjennom omdisponering av eksisterande midlar eller andre finansieringskjelder.
            • Tidsavgrensing og evaluering: Kor lenge ei slik ordning bør gjelde, og korleis ho skal evaluerast.
              • Søknadshandsaming: Korleis skal ein forvalte ordninga og handsame søknader.

                Utgreiinga skal leggast fram for kommunestyret i mai 2025, slik at vi kan ta stilling til både behov, finansiering og praktisk gjennomføring.

                Vedteke

                FOR

                4
                Lisa Mari Breivik Anderson Senterpartiet Anders Myrene Kristeleg Folkeparti Stian Skorgen Scheide Høgre Egil Ulfstein Høgre

                MOT

                3
                Bennie Bantilan Hansen Framstegspartiet Hanne Notøy Arbeidarpartiet Aurora Dimmen Bratli Arbeidarpartiet

                14:59 Kommunedirektøren si tilråding

                Ulstein kommunestyre vedtek at tilskotet til auka bemanning i barnehage og SFO vert fordelt slik:

                BarnehageTal barnSatsTil utbetaling
                Almejordet barnehage641769 113 216,00 kr
                Høddvoll barnehage 481769 84 912,00 kr
                Blåtinden barnehage391769 68 991,00 kr
                Norlandia Støylane1311769 231 739,00 kr
                Preg barnehage Ulsteinvik401769 70 760,00 kr
                Sætra barnehage441769 77 836,00 kr
                Vikemarka barnehage651769 114 985,00 kr
                Sundgotmarka barnehage631769 111 447,00 kr
                Antall barn494 873 886,00 kr

                2.

                Auka bemanning SFO frå 01.08.25 vert 874 000kr. Beløpet vert fordelt med eit likt beløp per elev i SFO.

                Fallen

                FOR

                2
                Aurora Dimmen Bratli Arbeidarpartiet Hanne Notøy Arbeidarpartiet

                MOT

                5
                Lisa Mari Breivik Anderson Senterpartiet Anders Myrene Kristeleg Folkeparti Stian Skorgen Scheide Høgre Egil Ulfstein Høgre Bennie Bantilan Hansen Framstegspartiet