Hopp til hovudinnhaldet

Kommunedirektøren si tilråding

Ulstein kommunestyre vedtek at tilskotet til auka bemanning i barnehage og SFO vert fordelt slik:

BarnehageTal barnSatsTil utbetaling
Almejordet barnehage641769 113 216,00 kr
Høddvoll barnehage 481769 84 912,00 kr
Blåtinden barnehage391769 68 991,00 kr
Norlandia Støylane1311769 231 739,00 kr
Preg barnehage Ulsteinvik401769 70 760,00 kr
Sætra barnehage441769 77 836,00 kr
Vikemarka barnehage651769 114 985,00 kr
Sundgotmarka barnehage631769 111 447,00 kr
Antall barn494 873 886,00 kr

2.

Auka bemanning SFO frå 01.08.25 vert 874 000kr. Beløpet vert fordelt med eit likt beløp per elev i SFO.

Levekårsutvalet 05.03.2025

Ulstein kommunestyre utsett saka.

Ein registrerer at den økonomiske situasjonen i fleire private barnehagar er utfordrande, og at dette kan få konsekvensar for tilbodet til barna og stabiliteten i sektoren. For å sikre eit variert og geografisk spreidd barnehagetilbod ber kommunestyret om ei utgreiing av moglegheita for å etablere ei mellombels kompensasjonsordning for private barnehagar med særlege økonomiske utfordringar.

Kommunestyret ber administrasjonen greie ut:

  • Behov og kriterium: Kor mange barnehagar står i ein kritisk økonomisk situasjon, og kva kriterium som bør ligge til grunn for eventuell støtte. Dette omfattar og krav til dokumentasjon av økonomiske utfordringar over tid og bruken av tilskotet
  • Finansiering: Mogleg finansiering av ordninga, anten gjennom omdisponering av eksisterande midlar eller andre finansieringskjelder
  • Tidsavgrensing og evaluering: Kor lenge ei slik ordning bør gjelde, og korleis ho skal evaluerast
  • Søknadshandsaming: Korleis skal ein forvalte ordninga og handsame søknader

Utgreiinga skal leggast fram for kommunestyret i mai 2025, slik at vi kan ta stilling til både behov, finansiering og praktisk gjennomføring.

Kommunestyret ber òg om at saka om pensjonstilskot for 2024 vert vurdert på nytt, med bakgrunn i dei pågåande rettssakene der rettskraftig avgjerd er estimert i 2028.

Fellesrådet 04.03.2025

Ulstein kommunestyre vedtek at tilskotet til auka bemanning i barnehage og SFO vert fordelt slik:

1.

Barnehage Tal barn Sats Til utbetaling
Almejordet barnehage 641937123 968
Høddvoll barnehage Sundgotmarka barnehage 48193792 976
Blåtinden barnehage 39193775 543
Norlandia Støylane 1311937253 747
Preg barnehage Ulsteinvik 40193777 480
Sætra barnehage 44193785 228
Vikemarka barnehage 651937125 905
Sundgotmarka barnehage 631937122 031

2. Auka bemanning SFO frå 01.08.25 vert 957 000kr. Beløpet vert fordelt med eit likt beløp per elev i SFO.