Bård Emil Ødegård (Sp) er styremedlem i Blåtinden Barnehage SA og han stiller derfor spørsmål om gildskapen sin.
Tilrådinga er at Bård Emil Ødegård er ugild, jf. forvaltningslova § 6 første avsnitt bokstav e nr. 1.
Grunngjeving:
Det følgjer av kommunelova § 11-10 at reglane om habilitet i forvaltningslova § 6 gjeld tilsvarande ved behandlinga i folkevalde organ, men med visse særreglar.
Blåtinden barnehage er organisert som eit samverkeføretak. Eit styremedlem i eit samverkeføretak er inhabil etter forvaltningslova § 6 første avsnitt bokstav e nr. 1 i saker der føretaket er part.
Det er naturleg å rekne Blåtinden barnehage som part i saka om fordeling av tilskot, slik at Bård Emil Ødegård er inhabil etter forvaltningslova § 6 første avsnitt bokstav e nr. 1. I alle tilfelle meiner vi det er grunn til å rekne Bård Emil Ødegård som inhabil etter den skjønnsmessige føresegna i forvaltningslova § 6 andre avsnitt.
Vår tilråding er at Bård Emil Ødegård er ugild i sak 26/25 om fordeling av rammetilskot, jf. forvaltningslova § 6 første avsnitt bokstav e nr. 1.
Ramma er på 1,7 millioner kroner, jamfør vedtak om tilleggsløyve frå desember 2024.
Ulstein kommunestyre utsett saka.
Ein registrerer at den økonomiske situasjonen i fleire private barnehagar er utfordrande, og at dette kan få konsekvensar for tilbodet til barna og stabiliteten i sektoren. For å sikre eit variert og geografisk spreidd barnehagetilbod ber kommunestyret om ei utgreiing av moglegheita for å etablere ei mellombels kompensasjonsordning for private barnehagar med særlege økonomiske utfordringar. (sjå bestilling)
Ulstein kommunestyre ber òg om at saka om pensjonstilskot for 2024 vert vurdert på nytt, med bakgrunn i dei pågåande rettssakene der rettskraftig avgjerd er estimert i 2028.
Kommunestyret ber administrasjonen greie ut:
Behov og kriterium:
Kor mange barnehagar står i ein kritisk økonomisk situasjon, og kva kriterium som bør ligge til grunn for eventuell støtte. Dette omfattar og krav til dokumentasjon av økonomiske utfordringar over tid og bruken av tilskotet.
Finansiering:
Mogleg finansiering av ordninga, anten gjennom omdisponering av eksisterande midlar eller andre finansieringskjelder.
Tidsavgrensing og evaluering:
Kor lenge ei slik ordning bør gjelde, og korleis ho skal evaluerast.
Søknadshandsaming:
Korleis skal ein forvalte ordninga og handsame søknader.
Utgreiinga skal leggast fram for kommunestyret i mai 2025, slik at vi kan ta stilling til både behov, finansiering og praktisk gjennomføring.
Ulstein kommunestyre utsett saka.
Ein registrerer at den økonomiske situasjonen i fleire private barnehagar er utfordrande, og at dette kan få konsekvensar for tilbodet til barna og stabiliteten i sektoren. For å sikre eit variert og geografisk spreidd barnehagetilbod ber kommunestyret om ei utgreiing av moglegheita for å etablere ei mellombels kompensasjonsordning for private barnehagar med særlege økonomiske utfordringar.
Kommunestyret ber administrasjonen greie ut:
Behov og kriterium: Kor mange barnehagar står i ein kritisk økonomisk situasjon, og kva kriterium som bør ligge til grunn for eventuell støtte. Dette omfattar og krav til dokumentasjon av økonomiske utfordringar over tid og bruken av tilskotet
Finansiering: Mogleg finansiering av ordninga, anten gjennom omdisponering av eksisterande midlar eller andre finansieringskjelder
Tidsavgrensing og evaluering: Kor lenge ei slik ordning bør gjelde, og korleis ho skal evaluerast
Søknadshandsaming: Korleis skal ein forvalte ordninga og handsame søknader
Utgreiinga skal leggast fram for kommunestyret i mai 2025, slik at vi kan ta stilling til både behov, finansiering og praktisk gjennomføring.
Kommunestyret ber òg om at saka om pensjonstilskot for 2024 vert vurdert på nytt, med bakgrunn i dei pågåande rettssakene der rettskraftig avgjerd er estimert i 2028.
Ulstein kommunestyre vedtek at tilskotet til auka bemanning i barnehage og SFO vert fordelt slik:
1.
Barnehage | Tal barn | Sats | Til utbetaling |
Almejordet barnehage | 64 | 1937 | 123 968 |
Høddvoll barnehage Sundgotmarka barnehage | 48 | 1937 | 92 976 |
Blåtinden barnehage | 39 | 1937 | 75 543 |
Norlandia Støylane | 131 | 1937 | 253 747 |
Preg barnehage Ulsteinvik | 40 | 1937 | 77 480 |
Sætra barnehage | 44 | 1937 | 85 228 |
Vikemarka barnehage | 65 | 1937 | 125 905 |
Sundgotmarka barnehage | 63 | 1937 | 122 031 |
2. Auka bemanning SFO frå 01.08.25 vert 957 000kr. Beløpet vert fordelt med eit likt beløp per elev i SFO.
Ulstein kommunestyre vedtek at tilskotet til auka bemanning i barnehage og SFO vert fordelt slik:
1.
Barnehage | Tal barn | Sats | Til utbetaling |
Almejordet barnehage | 64 | 1937 | 123 968 |
Høddvoll barnehage Sundgotmarka barnehage | 48 | 1937 | 92 976 |
Blåtinden barnehage | 39 | 1937 | 75 543 |
Norlandia Støylane | 131 | 1937 | 253 747 |
Preg barnehage Ulsteinvik | 40 | 1937 | 77 480 |
Sætra barnehage | 44 | 1937 | 85 228 |
Vikemarka barnehage | 65 | 1937 | 125 905 |
Sundgotmarka barnehage | 63 | 1937 | 122 031 |
2.
Auka bemanning SFO frå 01.08.25 vert 957 000kr. Beløpet vert fordelt med eit likt beløp per elev i SFO.