Forslag

Fritak frå politisk verv - Steffen Kopperstad

01
Kommunedirektøren si tilråding
Innstilling
Behandlet

Steffen Kopperstad (INP) får fritak frå det politisk vervet sitt frå og med 20.03.2024.

Kommunestyret:

Industri- og næringspartiet sine 2 underliggande vararepresentantar rykker begge opp ein plass. Industri- og næringspartiet får inn Lars Endrik Gallagher som ny 5. vararepresentant.

Vedlegg

Les meir
02
Gildskapsvurdering av P. L. Kopperstad (INP)
Forslag
Behandlet

Per Lorentz Kopperstad (INP) er far til Steffen Kopperstad og han stiller derfor spørsmål om gildskapen sin.

Tilrådinga er at han er gild.

Grunngjeving:

Uttreden skjer automatisk, då Kopperstad ikkje lenger er valbar, jf. kommunelova § 7-9. Saka ser difor ut til å eigentleg gjelde opprykk/suppleringsval etter kommunelova § 7-10.

Det følgjer vidare av kommunelova § 11-10 at ein folkevald ikkje er inhabil når det skal veljast personar til offentlege tillitsverv. Ein folkevald kan difor delta ved val på seg sjølv og andre som han har nær personleg tilknyting til.

Tilrådinga er difor at Per Lorentz Kopperstad ikkje er inhabil.

Vedlegg

Les meir