Hopp til hovudinnhaldet

Kommunedirektøren si tilråding

Flø veglag får løyve til å ilegge tilleggsavgift ved manglande betaling av bomavgift på kr 79,- for kjøretøy som passerer bom og der bompasseringa ikkje er oppgjort innan fastsett betalingsfrist.

Fastsett tilleggsavgift kan indeksregulerast årleg i samsvar med endringar i konsumprisindeksen (KPI) frå føregående år. Første regulering kan vere i januar 2026. Utgangspunktet for prisreguleringa er 1. januar 2025.

Reglane for tilleggsgebyr skal informerast om ved skilt i nærleiken av passeringspunkt.