Votering er ferdig i denne saka.
Resultat av votering
10:24 Gildskapsspørsmål H. P. T. Ulstein (H)
Hans Petter Th. Ulstein (H) er nærmaste nabo til delar av tomta i saka. Han har vore ugild i tidlegare handsaming av saka. Han stiller derfor spørsmål om gildskapen sin.
Tilrådinga er at Th. Ulstein er ugild i saka, jf. forvaltningslova § 6 første ledd punkt a).
MOT
0FOR
7 Berit Roppen Senterpartiet Bjørn Gunnar Tafjord Kristeleg Folkeparti Per Karsten Ødegård Industri- og Næringspartiet Berit Overvåg Hjorth Høgre Stig Ole Borgundvåg Høgre Alf Johan Antonsen Framstegspartiet Marianne Breivik Arbeidarpartiet10:39 Kommunalsjefen si tilråding
Teknisk utval ser at ei breiddeutviding med om lag 1,5 m i om lag 50 m lengde langs gnr. 7, bnr. 184 (Brunevegen 12) vil vere ein stor fordel med omsyn trafikktrygging og -avvikling i Brunevegen, jf. m.a. vedlagde tverrsnitt datert 29.01.2025.
Teknisk utval står difor fast på vedtaket i sak nr. 81/23 av 30.08.2023, men går vekk ifrå vilkår nr. 2 som med dette vert gjort om inkje. Utvalet vil presisere at tilkomst veg til gnr. 7, bnr. 818 over gnr. 7, bnr. 184 må innregulerast som vegareal, fellesføremål.
Administrasjonen har fullmakt til å fullføre forhandlingane om grunnavtale basert på avtaleframlegg alternativ 1 og merknader frå Richard Frøystad i e-post av 27.03.2025 som begge ligg ved. Ordføraren signerer avtalen.