Teknisk utval finn at utført løysing av murkant utført med forskalingsblokker ikkje har ei tilfredsstillande visuell utforming kvalitet, jf. kap. 29 i plan- og bygningslova, og at utføringa heller ikkje er i samsvar med avsluttande konklusjon i rapport frå GEO Breiteig datert 07.05.2021.
Utvalet legg vekt på at murkanten har stor lengde på 120 m, og tiltaket ligg i eit svært mykje brukt og godt synleg område. Samla sett har difor tiltaket ein vesentleg påverknad i høve visuelle kvalitetar for både trafikantar og brukarar av gang- og sykkelvegen. Murkanten har også fleire stadar synleg armeringsjarn som på sikt vil kunne korrodere med tilhøyrande svekka styrke og funksjon.
Teknisk utval førevarslar med dette om at Ulstein kommune med heimel i plan- og bygningslova § 32-3 vil kunne fatte vedtak om pålegg om retting av utført murkant i forskalingsblokker oppå støttemuren på gnr. 8, bnr. 533 langs Øvrevegen og eventuelt gjere vedtak om tvangsmulkt, jf. også § 16 i forvaltningslova.
Boindustri AS har rett til å uttale seg før det eventuelt vert fatta vedtak om pålegg om retting og ilegging av tvangsmulkt. Frist for slik uttale er sett til 18.06.2025, jf. pbl § 32-2.
Ny løysing må utførast i samsvar med rapport frå GEO Breiteig, datert 07.05.2021, og etter detaljteikningar og godkjenning av kommunen.